Bli med på besøkshelg!

30. januar – 1. februar 2026 er det klart for besøkshelg på Lundeneset! Mange vil besøka oss! Helga er full, men melder du deg på set me deg på venteliste.

Denne helga er for deg som er nysgjerrig på Lundeneset, og kva denne skulen kan tilby. Hugs å melda deg på i skjemaet du finn på denne sida! (NB: Påmelding opnar onsdag 15. oktober kl 12.). Her vil det også koma meir informasjon om helga etter kvart.

Helga startar på fredagen med innkvartering og kveldsmat. Deretter står det mykje sosialt og kjekt på programmet resten av kvelden. På laurdagen kan du bli betre kjend med skulen, vera med på kanonballcup og delta på ein fenomenal show-kveld med isfest og kiosk etterpå.

På søndagen blir det informasjonsmøte, og då er foreldre også velkommen til å bli med. Dersom du av ulike grunnar ikkje får med deg heile helga, kan du også koma å vera med berre på søndagen. Besøkshelga blir avslutta etter middag klokka 14.00.

Besøkshelga kostar 400 kroner, og det blir overnatting i klasserom. 

Publisert av
Helge Johan Stautland 2025-10-14 12:30:33

Del denne siden