Utfordra om menneskeverd

Kva er menneskeverd? Og blir likeverd i Noreg utfordra i dag?

På slutten av måndagane er det ofte temaundervisning på Lundeneset. Då prøver skulen å setja fokus på ulike emne som ofte går på tvers av faga timeplanen elles er full av. Denne veka var det menneskeverd som stod på dagsorden, og kva passa betre då enn eit besøk frå organisasjonen Menneskeverd?

Alle klassane var tilstades i møtesalen då undervisningskonsulent Johanna Louise Hügle i organisasjonen oppfordra elevane til å reflektera over kva som gir eit menneske verdi. Og kan det faktisk henda at tankegangen som pregar samfunnet i dag eigentleg fører til at likeverdet blir utfordra?

Ho viste blant anna til kva ulike parti meiner om saka, og forklarte korleis årets abortvedtak på Stortinget er historisk.

Hügle presenterte også fleire gripande og aktuelle døme på kva konsekvensar sorteringssamfunnet fører med seg, for eksempel viste ho til fleire kvinner Sverige og Noreg som har teke abort fordi dei så gjerne ønska seg ei jente, men ultralyd viste at det ville bli endå ein gut i søskenflokken.

Menneskeverd arbeider aktivt for å styrka vernet om menneskelivet frå befruktning til naturleg død, og for spesielt sårbare grupper. Visjonen deira er: Eit samfunn som prioriterer livsrett, likeverd og livshjelp høgast.

Du kan lesa meir om kva Menneskeverd arbeider for her: menneskeverd.no

Publisert av
Helge Johan Stautland 2025-10-21 13:33:04

Del denne siden