Topplassering til BamBong

Stor stas at fire elevar frå Lundeneset vann førsteplassen i Vår Energi Challenge 2025 – fylkesfinalen i Stavanger som blei arrangert etter innovasjonscampen tidlegare i år!

Gjengen bak konseptet «Bambong»: Torill Halsne, Helene Dalen, Ragnhild Jekteberg. Kamilla G. Yuen var ikkje tilstades under prisutdelinga.

 

– Grunngjevinga til juryen var me hadde ein realistisk, men stor idé, seier Torill Halsne, ei av dei fire jentene bak BamBong. Førstepremien var ein sjekk på 10.000 kroner.

Konseptet deira går ut på å produsera tampongar i det meir bærekraftige materialet bambus, samstundes som produktet blir gjort meir tilgjengeleg for brukarane. Denne ideen jobba dei med på innovasjonscampen på Lundeneset i januar.

På Lundeneset var dei av ti grupper som gjekk vidare til superfinalen, og sjølv om dei ikkje nådde heilt til topps her, var dei eitt av to bidrag frå Lundeneset som juryen i Vår Energi meinte skulle konkurrera vidare i Stavanger. Det andre bidraget frå Lundeneset var InterYapp – ein mobilapp som skal gjera integrering av flyktningar lettare.

Det er Vår Energi og Ungt Entreprenørskap Rogaland som står bak innovasjonscampen Vår Energi Challenge. Her er det fokus på problemløysing knytt til FN sine bærekraftmål, og energiselskapet Vår Energi sine eigne mål for framtida.

 

Publisert av
Helge Johan Stautland 2025-03-04 10:23:58

Del denne siden