Søknadsskjemaet er opna!

Lurer du på om du skal til Lundeneset neste skuleår, eller har du allereie bestemt deg? No er søknadsskjemaet opna på nettsidene våre.

 

Lundeneset tilbyr utdanningsprogramma studiespesialisering, IT og medieproduksjon, sal, service og reiseliv, og påbygg til generell studiekompetanse. Det er smart å sette seg inn i kva desse linjene handlar om.

Lundeneset kan tilby ein skulekvardag med fagleg kompetanse, eit miljø på fritida der du blir kjent med andre, og eit variert fritidstilbod.

For å søke hos oss, går du til denne sida: lvs.no/soke. Her finn du viktig informasjon om søkeprosessen. Sjølve søknadsskjemaet ligg nedst på sida.

Til søknaden må du legge ved karakterutskrift frå 8. og 9. klasse, samt utskrift frå karakterane frå første halvår av 10. klasse. Søker du til VG2 eller VG3, er det kompetansebevis for alle tidlegare år i vidaregåande, og karakterutskrift for første halvår i inneverande skoleår. Søker du studiespesialisering (VG2/3) må du i tillegg legge ved vitnemål fra 10. klasse.

Når du får standpunkt- og eksamenskarakterar seinare i vår, sender du attestert kopi til post@lvs.no.

Publisert av
Helge Johan Stautland 2026-01-14 10:45:17

Del denne siden