Medium og kommunikasjon – kva skjer?

Lundeneset VGS har hatt «medielinje» i over ti år. Det har ei stund vore noko uklårt korleis framtida til utdanningsprogrammet medium og kommunikasjon ville bli. Konklusjonane er nå klare, og for Lundeneset får den nye ordninga få, om nokon, praktiske konsekvensar.

Lundeneset kjem ikkje til å tilby det nye, studieførebuande utdanningsprogrammet medium og kommunikasjon, som blir oppretta hausten 2016, men frå hausten 2016 kan elevar søkje om opptak på det nye programområdet medieproduksjon hjå oss. Dette er eit yrkesfagleg programområde som ligg under utdanningsprogrammet design og handverk. Faga er dei same, og etter VG2 kan ein anten gå ut i lære som fotograf eller mediegrafikar eller ta påbygg for å få generell studiekompetanse.

– Det blir inga endring i læreplanane. Det nye programområdet medieproduksjon blir heilt likt det gamle yrkesfaglege medium og kommunikasjon. Det betyr at me framleis kjem til å tilby mediefag, seier undervisningsleiar Arlene Pedersen.

Publisert av
Kåre Vignes 2016-01-05 10:06:21

Del denne siden