Samla inn over 1,5 millionar

Russepresidenten og prosjektsjefen var ikkje sparsame med ros og takk til gjengen dei har leia dette året:

– Takk til alle som har ofra enormt mange timar til russen og skulen sitt beste. Det er heilt enormt, og eg er stolt av å kunna stå her saman med dykk, sa president Sander Løge på avslutningsfesten med elevar, foreldre og personalet i salen.

Dette skuleåret er det Mali og Elfenbenskysten som har vore fokuset for dei om lag 60 elevane som utgjer årets russekull. Dette er to land som Misjonssambandet har arbeid i.

– Me i russen utfyller kvarandre, og gjer kvarandre gode. Og så er det stort og spesielt å vita at me på denne måten kan ha direkte påverknad på eit liv i Vest-Afrika. Tenk at me kan bidra herifrå, frå vesle Lundeneset. Enkeltindivid får høyra om Jesus, eller får livsnødvendig opplæring som me her i Noreg tek for gitt. Og det er ikkje berre det flotte beløpet som betyr ein forskjell, det skapar også ei endring i oss som har fått vera med på dette, sa Hanna Gilje Østhus, som har vore prosjektsjef og sjølv vore i Vest-Afrika i haust og sett arbeidet.

Mesteparten av pengane, 1.335.000, går til Vest-Afrika. Her støttar dei misjonærar som gir lese- og skriveopplæring, arbeider med å gjera Jesus kjend og vise at mennesket har verdi, førebygging av vald i heimen og opplæring i god barneoppdraging, og omsetjing av Bibelen til ulike urspråk i regionen.

Sluttsummen for 2025 er ca 30.000 høgare enn det som vart samla inn i fjor.

Men dei innsamlingsglade elevane gir også 150.000 til Lundeneset, og 50.000 til Vågen bedehus som mange av elevane har hatt eit aktivt forhold til gjennom tida på Lundeneset.

Det er det årlege misjonsløpet, med sponsorar til løpeglade elevar, som gir størst inntekt i løpet av året. Men også russen sin eigen Premiere League-turnering har vore inntektsbringande. I tillegg kjem basar og kiosksal.

 

På avslutningsfesten for VG3 var heile russen framme og viste fram innsamlingsresultatet på over 1,5 millionar kroner. I front: Jakob Mæland (t.v.), Sander Løge, Hanna Gilje Østhus, og Werner Larsen (regionleiar i Misjonssambandet Sørvest). Foto: Kees A. Z. Fjellvang

Publisert av
Helge Johan Stautland 2025-06-16 14:05:30

Del denne siden