Mange har søkt Lundeneset

Lundeneset vgs i Ølensvåg har det nest høgaste søkartalet sidan 2011. 199 elevar ønsker å gå VG1 på den kristne internatskulen neste skuleår.

— Me gler oss over veldig gode tal i år også, sjølv om det var litt fleire i fjor, kommenterer rektor Gustav Løge Fosse.

Totalt for alle tre åra har skulen motteke 377 søknader. Med unntak av rekordåret 2025, er dette eit tal som er langt høgare enn føregåande år. Ein del VIGO-søkarar med adresse i Rogaland er ikkje med i desse tala.

Dei neste dagane kan dei som har søkt venta seg svar på om dei får skuleplass eller står på venteliste. Målet er at alle skal ha fått svar før 10. mars. Fristen for å takka ja eller nei til plass er 1. april.

Framleis flest til studiespesialisering
— Fordelinga på dei tre utdanningstilboda våre er betre enn i fjor. Men dei som søker studiespesialisering som førsteval på Lundeneset, er også i år i fleirtal. Så mange som 119 elevar har søkt seg til dette utdanningsprogrammet, fortel Fosse. Denne klassen har plass til i overkant 30 elevar.

I fjor på same tidspunkt var det 134 elevar som hadde dette som førsteval, og mellom 60-90 i åra før det igjen.

Av yrkesfaga på Lundeneset er det sal, service og reiseliv (SR) som er mest populært, tett følgt av IT og medieproduksjon (IM). Høvesvis 45 og 35 elevar har søkt seg til SR og IM komande skuleår. Desse klassane har ca. 20 studieplassar kvar.

Også til VG2 er skulen nøgd med søkartala, her er tala om lag slik dei har vore dei siste tre åra. Påbygg, som har plass til omlag 30 elevar, har fått 59 søknader.

På venteliste? Ver tolmodig!
Rektoren minner om at det er fortløpande inntak etter førsteopptaket er unnagjort.

Det betyr at det framleis mogleg å søkja skuleplass for komande skuleår. Søker du etter fristen, hamnar du på venteliste, og får tilbod om skuleplass så sant det blir ledige plassar. Erfaringa er at det blir noko utskifting på listene våre når det går mot vår og sommar, når nokon takkar ja og andre nei til skuleplass.

Publisert av
Helge Johan Stautland 2026-03-05 12:01:29

Del denne siden