Lundeneset i mange roller på fotballkamp

Fin kveld på stadion i Ølen då Ølen møtte Trott/Solid/Stord!

Lundeneset er godt representert i Ølen G19 (2. div). Heile sju elevar var med og sikra heimelaget uavgjort ein kjølig vårkveld i april. Gjestene frå Stord sikra seg heile tre mål før Ølen byrja innhentinga. Etter første omgang var stillinga 3-2 i bortelaget sin favør, men mot slutten av andre omgang utlikna Ølen til 3-3.

Lundeneset viste godt igjen på tribunen, der mange elevar var på plass for å sjå kampen. Ole Arne Pedersen (trenar Ølen IL og lærar på Lundeneset) og Geir Ivesdal (kontaktperson Ølen IL og kokk på Lundeneset) var på plass og støtta gutane dei har ansvaret for.

Og som ikkje det var nok: Bak kamera og i regirom med ansvar for direktesending av kampen, var elevane i VG1 IT og medieproduksjon på plass. Og som vertskap for kampen, på vegne av idrettslaget, stilte elevane i VG2 service og reiseliv smilande opp!

 

Publisert av
Helge Johan Stautland 2024-04-11 11:16:03

Del denne siden