Ledig lærarstilling i sal, service og reiseliv

Blir du med på laget vårt? Frå hausten 2026 har Lundeneset ledig stilling innanfor programområdet sal, service og reiseliv.

Det kan også vera aktuelt å kombinera med andre fagkombinasjonar,for eksempel IT og kroppsøving. Stillinga er fast, 60-100 prosent.

– Me oppfordrar særleg personar med bakgrunn frå næringslivet å søka. Erfaring frå bransjen med praktisk problemløysing er verdifult for oss, seier rektor Gustav Løge Fosse.

Utover det ser skulen etter personar som samhandlar godt med ungdom, både fagleg og sosialt, og som ser verdien av å delta i eit spennande internatskulemiljø med varierte oppgåver og roller. Søkarar må vera lojal overfor skulen sine verdiar, visjon og kristne målsetjing.

Heile stillingsannonsen kan du lesa her.

Lundeneset er ein kristen friskule med internat, og i innverande skuleår har me rundt 190 elevar. Ca 40 av desse høyrer til programområdet sal, service og reiseliv i VG1 og VG2.

Har du spørsmål om stillinga, er du velkommen til å ta kontakt med rektor Gustav Løge Fosse tlf 970 88 079 eller undervisningsleder Arlene Pedersen, apedersen@lvs.no tlf 990 99 875.

Søknadsfristen er 1. mai.

Publisert av
Helge Johan Stautland 2026-04-14 09:47:55

Del denne siden