Klar for ein prat

– Ungdom i dag er meir opne enn før. Det er ein kjemperessurs, seier Maria Lilleskog Eikeland. Ho er konstituert helsesjukepleiar i Vindafjord kommune, og er på Lundeneset éin dag i veka, på Ølen skule tre dagar.

Ho er 32 år, opphaveleg frå Skjoldastraumen, men bur på gard i Vats saman med mann og tre barn. På Lundeneset kan elevar prata med henne kvar tirsdag mellom 8 og 12.

– Eg likar å bli kjend med menneske. Til meg kan dei koma og bli høyrt. Og så er eg oppteken av korleis me kan ha det best mogleg som menneske. Elevar kan komma å snakka med meg om små ting dei tenker på, helsespørsmål, psykiske utfordringar, søvn, heimlengsel, vennskap, familiesituasjonar, menssmerter, for å nemna noko. Eg har teieplikt, og kan legga til rette for meir oppfølging i helsevesenet dersom det er eit behov, seier Eikeland, og legg til at ein ikkje må avtala tid på førehand for å snakka med henne.

Korona-konsekvensar

Mange ungdommar i dag har ein meir utfordrande kvardag enn tidlegare, ifølgje helsesjukepleiaren. Noko skuldast det ho kallar post-korona, altså dei negative konsekvensane av to år med pandemi. Skulestenging, avstand, mindre sosial kontakt har sett spor.

– I tillegg opplever mange eit større press i samfunnet i dag. Det kan handla om alt i frå kropp til karakterar. Ungdom opplever at dei skal yta på alle felt. Det er viktig å læra å setja grenser for seg sjølv, understrekar Eikeland.

Internatet gjer at Lundeneset skil seg frå andre skular ho er på:

– Når elevane bur heimefrå, er dei jo meir ansvarlege for eige liv på alle måtar. Det kan handla om så enkle ting som mat og søvn. Her er det nok også ei sterk forventing til det sosiale. Då er det viktig å læra seg grensesetjing, å gi seg sjølv lov til å ta pausar.

Helsestasjon i Ølen

Eikeland er glad for at elevane på Lundeneset allereie har god oppbakking og eit samtaletilbod med ulike personar som arbeider på skulen. Nokre gonger kan det likevel vera greitt å snakka med nokon utanom skulen.

Ho minnar til slutt om at elevane også kan koma til helsestasjonen for ungdom i Ølen, som er open kvar tirsdag mellom 14.30 og 17.00 på rådhuset. Dette er eit gratis drop-in-tilbod som er ope for alle ungdommar. Her kan dei få snakka med både helsesjukepleiar og lege.

Treng du ein prat med helsesjukepleiar? Du kan nå Maria på telefon 995 70 968, på Snapchat ‘helseungolen’, eller epost maria.lilleskog@vindafjord.kommune.no

 

Publisert av
Helge Johan Stautland 2022-09-27 12:19:37

Del denne siden