Innovasjon, berekraft og Lundeneset i 2040

JoinUp – ein app som skal gjera det enklare å finna fellesskap når ein skal trena eller vera fysisk aktiv, stakk av med ein av førsteplassane i årets innovasjonscamp på Lundeneset.

Ideutviklarane bak denne appen heiter Nora Helgøy, Tora Østhus, Magnus Askeland og Torjus H. Berentsen. Men det blei også kåra ein vinnar blant dei som hadde den beste løysinga for Lundeneset i 2040, med utvikling av det nye tomteområdet som hovudfokus. Her leverte Theodor Reimers, Brianna Gebremichael, Louise Voll og Noah Ydstebø de beste bidraget.

Det har blitt nokså innarbeidd at andre veka etter nyttår er sett av til innovasjonscamp på Lundeneset. Då legg ein vekk den vanlege timeplanen dei fleste dagane, og jobbar i grupper med å løysa ei problemstilling som Vår Energi og Ungt Entreprenørskap (UE) Rogaland står bak. Dette året kunne elevane også tenka kreativt om korleis Lundeneset skal sjå ut i framtida, når det nye tomteområdet nord for skulen er teke i bruk.

Veka starta med kick-off for alle grupper. Då var Tom Sjøen frå Ungt Entreprenørskap Rogaland spesielt invitert til å sparka det heile i gang, spreia inspirasjon og innovasjonsiver.

Dersom mange tenker, så må det dukka opp gode idear. Kanskje mange gode idear. Tysdag denne veka var alle dei godt over 40 gruppene godt i gang med å utvikla sine idear og produkt. Rundt om på borda i klasseromma har det vore god stemning og positiv vilje til å dela idear og tankar. Alle på gruppa deler idear, og i startfasen skal ingen idear forkastast. Vidare må gruppene skaffa seg kunnskap om problemet dei har valt, og gjerne kombinera idear og laga nye.

I løpet av veka er det også tid til føredrag og inspirasjon i møtesalen. I år fekk elevane møta tidlegare elev Sofie Arnesen Hodne som driv for seg sjølv innan foto og filmproduksjon. 25-åringen, som har base i Oslo, snakka glødande om korleis ein kan gjera levebrød av hobbyen sin. Det er viktig å ikkje la andre ta iveren frå deg, og det er faktisk ikkje så vanskeleg å gjennomføra som ein skulle tru, meiner Sofie.

Ein annan som snakka til elevane, var Basile Lacave. Han er gründer, og står bak eit produkt som er unikt i Noreg: Vegansk, økologisk ost som er laga av cashewnøtter.

Siste dag av innovasjonscampen blei ideane presentert for eit panel frå næringslivet, med superfinale i møtesalen. To av dei ti beste bidraga av dei som har valt Vår Energi si problemstilling, går vidare til finale i Stavanger seinare i vinter.

Publisert av
Helge Johan Stautland 2025-01-16 14:52:22

Del denne siden