Vi ynskjer at alle som er på Lundeneset skal føle seg trygge og inkluderte. Dette vil vi arbeide for å sikre best mogleg. Vi skulle ynskje at det ikkje var nødvendig å ha ein handlingsplan mot mobbing på Lundeneset. Men sjølv om det berre var èin elev som opplevde mobbing på på denne skulen, så skal han eller ho vita at dette er uakseptabelt, og eleven skal kunna få støtte og hjelp. Vi lagar difor denne handlingsplanen både for å hindre at mobbing skjer, og for at alle skal vita korleis vi handterer problemet dersom det skjer.
Opplæringslova kapittel 12 seier m.a. at:
- Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.
- Skolen skal ikkje godta krenkjande oppførsel, som til dømes mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Skolen skal arbeide kontinuerleg for at alle elevane skal ha eit trygt og godt skolemiljø.
- Alle som arbeider på skolen, skal følgje med på korleis elevane har det, og om mogleg gripe inn dersom nokon krenkjer ein elev. Alle som arbeider på skolen, skal melde frå til rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø.
- Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til statsforvaltaren etter at saka er tatt opp med rektor.
Mobbing handlar om
- Negative handlingar retta mot ein bestemt person, der denne opplever handlingane som ubehagelege.
- Negative handlingar som blir gjentekne over tid
- Ujevnt styrke- eller maktforhold mellom den som blir mobba og mobbaren/mobbarane.
Former for mobbing
Psykisk mobbing
- verbal (t.d. latterleggjering, krenkande ord, ryktespreiing, truslar)
- ikkje-verbal (kroppsspråk, t.d. blikk, ansiktsuttrykk, snu ryggen til).
Sosial mobbing
- t.d. utestenging
Fysisk mobbing
- kroppskontakt (t.d. slag, spark)
- materiell (skade på klede eller eigedelar).
Seksuell trakassering
- uønska, plagsam merksemd eller press omkring kropp og utsjånad, uønska kroppskontakt eller verbale uttrykk om dette.
Skulens strategi og tiltak for å førebyggje mobbing
For elevar:
- drøfte ordensreglar og ideal for sosialt miljø i klassane/fløyane årleg.
- informere om denne handlingsplanen og beredskap for handtering av mobbing til alle elevar kvart år.
- informere alle elevane om kor dei kan få hjelp dersom dei opplever mobbing. Dette gjeld både skulens oppfølgjingssystem og eksterne system (t.d. helsesyster).
- gjennomføre årlege undersøkingar blant elevane for å avdekke mobbing.
- elevrådet blir involvert i førebyggjande arbeid knytt til skulemiljø.
For personalet:
- gjennomføre innføring i skulemiljøspørsmål for alle nytilsette
- jevnleg drøfting av skulemiljø i personalråd
- ha mobbespørsmålet som sak på klasselærarråd for alle klassar
- drøfte resultat av undersøkingar i klassane vedr. mobbing.
- sørgje for at det jevnleg skjer ei kompetanseheving på området som kjem flest mogleg tilsette til gode.
Beredskap og rutinar for handtering av mobbing
1. Avdekking
Dersom ein elev opplever mobbing eller blir kjent med tilfelle av mobbing, skal dette meldast vidare, enten til tillitselev, fløytillitselev, elevrepresentant i arbeidsmiljøgruppa eller til nokon i personalet, fortrinnsvis kontaktlærar.
Dersom nokon i personalet oppdagar ein mogleg mobbesituasjon eller annan krenkande handling, skal vedkommande gripe inn direkte overfor dei involverte partane. På denne måten skal det markerast at krenkande utsegn ikkje er akseptert ved skulen. Saka skal deretter meldast til kontaktlærar.
Dersom nokon i personalet blir kjent med tilfelle av mobbing, skal dette meldast til kontaktlærar for eleven snarast råd. I saker som gjeld seksuell trakassering har skulen eigne rutinar og tiltaksplan.
2. Oppfølging
Kontaktlærar undersøkjer saka ved samtalar, og vurderer om det er aktuelt å fylgja saka opp. Dersom det er snakk om klar og alvorleg mobbing som krev konfrontasjon, melder kontaktlærar frå til rektor eller internatleiar, som vil fylgje opp saka med dei involverte.
Kontaktlærar må alltid, i etterkant av eit mobbetilfelle, gjennom samtalar med den mobba, finne ut om saka er løyst eller om det er nødvendig med meir oppfølgjing.
Det er HMS-områdeansvarlige for HMS Elever og HMS Internat som har ansvaret for å setje i verk og gjennomføre denne handlingsplanen. Arbeidsmiljøutvalet skal orienterast i saker der det vert gjort enkeltvedtak.
Planen vart vedteken i personalråd 16.10.09, etter tilråding frå elevråd og internatråd. Lovhenvisning oppdatert 13.09.2024.