Grunnlovsjubileum

Frå 4. til og med 6. time blir det ei obligatorisk samling for alle elevane i møtesalen. Ei gruppe elevar frå 2ST vil ha ulike innslag, og det blir foredrag ved Øivind Jønsson om menneskerettane. I tillegg får me besøk av Inge Halstensen frå Austevoll som vil snakka om «Mannen som forandra Noreg», kva betydning Hans Nielsen Hauge har hatt for demokratiseringsprosessen i landet vårt.

– Halstensen er sjølvstendig næringsdrivande og ein ettertrakta foredragshaldar med store kunnskapar om blant anna historie, seier Anne Marie Røed i komiteen for arrangementet.
Lunsj denne dagen blir frå 11.30 til 12.00.
Hugs å ta med skrivesaker.

Publisert av
Andreas C. Våge 2014-05-07 22:03:02

Del denne siden