«Front mot front» på Lundeneset

Kva skjer når to bilar kolliderer front mot front? Kor lang tid tar det før naudetatane er på plass? Dette fekk VG3-elevane frå Lundeneset og Ølen sjå og erfara med eigne auge.

«Ung på hjul» heiter opplegget, som er ei øving der alle tre naudetatane er med på. Målgruppa er avgangselevar som ventar på at russefeiringa skal ta til.

Elevar frå Ølen og Lundeneset var samla utanfor gymbygget på Lundeneset måndag 20. oktober. Først var det sett av tid til ei lita informasjonsøkt ved politiet. Deretter vart det rigga for ein realistisk ulukkesdemonstrasjon.

Først på åstaden er brannvesenet, som riggar seg til for å få dratt bilane frå einannan. Ikkje lenge etter er både ambulanse og politi på plass. Skadde passasjerar blir forsøkt redda og dratt ut av bilane. Bilskaden er av eit slikt omfang at den eine bilen må brytast opp med maskinkraft.

Hovudmålet med øvinga er å bevisstgjere ungdom på deira eiga åtferd i trafikken, og visa konsekvensane dersom ulukka faktisk skjer. Og det var mange inntrykk å ta inn over seg for dei frammøtte denne måndagen.

Publisert av
Helge Johan Stautland 2025-10-20 13:34:01

Del denne siden