Frå traust i aust til fest i vest

Hausten 2018 flytta David til Lundeneset for å gå på vidaregåande. At det skulle få konsekvenser for livet hennar, ana Lea lite om då.

– Eg hadde eigentleg bestemt meg for å gå på skule heime. Men så skjedde det noko, fortel Lea. David smiler lurt. Han veit kva som kjem.

– David sin familie var vekke, og eg passa på huset til familen. Plutseleg dukka David opp, og me byrja å snakka om neste år. Han sa eg hadde passa bra til å gå på Lundeneset. Eg blei gira på å oppleva noko nytt, for det kan jo bli litt einsformig og traust å henga rundt på den same staden ein har vore i alle år. Internatskule hadde vore i tankane mine, men eg hadde slege det frå meg. Og det hadde jo virka som om David hadde det bra på Lundeneset, så eg ombestemte meg gankse raskt.

Me er temmeleg vande med austlendingar på Lundeneset, me har til og med tilsett folk frå austlandet. Likevel er det jo slik at dei ER litt eksotiske her borte mellom fjordar og fjell. Du var ikkje redd for at fleire austlendingar ville øydeleggje det eksklusive imaget ditt som du hadde bygd opp gjennom fjoråret, David? – Neidå. Det er triveleg med litt fleire austlendingar og litt meir familie her. Slekta vår har jo planar om å overta heile skulen på sikt, flirer David før han med eitt blir alvorleg. – Me er mange. Og me er sterke.

Men kva med faren for at Lea skal fortelja om alt som skjer her borte i familieselskap? – Lea held kjeft, kjem det kjapt frå David. Lea sender eit blikk fullt av respekt mot fetter David. Og litt frykt, det må seiast.

Me prøver å dreia samtalen over på andre tema.

De lengtar ikkje heim då? – Ikkje til no, seier Lea. David innrømmer å ha lengta litt heim, særleg til veslebror, hunden, og kattane i vår.

Skulen har no sju-åtte-ni austlendningar, alt etter korleis ein definerer det. Og korleis dei definerer seg sjølve. Er til dømes ein person som snakkar ein austlandsk dialekt, men berre har budd ei kort stund av livet på austlandet austlending? Det får dei svara på sjølv.

Dei to me intervjua denne gongen er det ingen tvil om. Det er austlendingar. Men trivst godt på andre sida av landet. Og det kan me jo forstå.

 

Publisert av
Kåre Vignes 2019-09-27 16:19:14

Del denne siden