Lundeneset VGS er en kristen friskole med offentlig godkjenning og eksamensrett for inntil 298 elever. Vi har ca. 190 elever, og flesteparten av disse bor i internatet. Skolen eies av Misjonssambandet (NLM). Skolen tilbyr utdanningsprogrammene studiespesialisering, salg, service og reiseliv, IT og medieproduksjon og påbygging til generell studiekompetanse.
Skolen ligger i Vindafjord kommune, ca. 45 km øst for Haugesund. I Google-maps finner du oss her.
Lundeneset er en del av Misjonssambandet skoler, og er medlem i Kristne Friskoler Forbund (KFF).
Lundeneset sin visjon er å danne og utruste morgendagens samfunnsbyggere. Vi ønsker at elevene skal få erfare de er skapt til å gjøre en forskjell.
Telefon: 53 77 51 00
Faks: 53 77 51 51
Post-/besøksadresse: Lundeneset VGS AS, Lundanesvegen 37, 5582 ØLENSVÅG
E-post: post@lvs.no
Organisasjonsnummer: 888 982 302
Kontonummer: 8220.02.90913
Lundeneset VGS AS
Lundanesvegen 37
5582 ØLENSVÅG
Laurdag var det tid for den årlege foreldredagen på Lundeneset, ein dag der foreldre og føresette besøker ungane sine (om dei ikkje har gjort det før), får snakka med kontaktlærarar og andre, og høyra på spennande og samfunnsaktuelle føredrag. Det var også eigne internatsamlingar, og høve til å få med seg aktivitetar og utstillingar ved russen og ungdomsbedrifter.
Det som gjorde årets foreldredag spesiell, var at det også blei ein fin bursdagsfest for Lundeneset, som markerer 60 år som skule i år. Det blei sjølvsag feira som seg hør og bør, med bursdagssong, ballongar og nydelege jubileumskaker.
(Foto: Kees A. Z. Fjellvang)
I år var Hanna Kirkeli invitert som føredragshaldar. Temaet ho snakka om var «Sterk hjerne med aktiv kropp – fysisk aktivitet som kvardagsmedisin». Ho gav oss mykje viktig å tenka på innan dette fagfeltet, og brukte seg sjølv og sine eigne sterke erfaringar som døme. Fysisk aktivitet i ulike variantar gjer noko med oss, både mentalt og fysisk, understreka ho. Det kan halda fysiske smerter på avstand og gi oss overskot til å komma gjennom kvardagen. Noko av det ho meiner er mest bekymringsfult, er kor lite kompetanse det er blant folk på dette området, og kor lite medvit det er rundt rolla fysisk aktivitet spelar for folkehelsa i landet vårt.
Heilt til slutt på foreldredagen var det storsamling i gymsalen. Då fekk tilhøyrarane blant anna høyra historia til Lundeneset på seks minutt, høyra om misjonsprosjektet til russen. Kveldens talar var Raymond Bjuland. Han er professor på UiS, sentralstyremedlem i Misjonssambandet og forelder til Vg3-elev.