Lundeneset VGS er en kristen friskole med offentlig godkjenning og eksamensrett for inntil 298 elever. Vi har ca. 190 elever, og flesteparten av disse bor i internatet. Skolen eies av Misjonssambandet (NLM). Skolen tilbyr utdanningsprogrammene studiespesialisering, salg, service og reiseliv, IT og medieproduksjon og påbygging til generell studiekompetanse.
Skolen ligger i Vindafjord kommune, ca. 45 km øst for Haugesund. I Google-maps finner du oss her.
Lundeneset er en del av Misjonssambandet skoler, og er medlem i Kristne Friskoler Forbund (KFF).
Lundeneset sin visjon er å danne og utruste morgendagens samfunnsbyggere. Vi ønsker at elevene skal få erfare de er skapt til å gjøre en forskjell.
Telefon: 53 77 51 00
Faks: 53 77 51 51
Post-/besøksadresse: Lundeneset VGS AS, Lundanesvegen 37, 5582 ØLENSVÅG
E-post: post@lvs.no
Organisasjonsnummer: 888 982 302
Kontonummer: 8220.02.90913
Lundeneset VGS AS
Lundanesvegen 37
5582 ØLENSVÅG

Tysdag gjekk startskuddet for årets innovasjonscamp på Lundeneset, eit tverrfagleg undervisningsopplegg som blir gjennomført kvar vinter. Då legg ein vekk den vanlege timeplanen, og jobbar i grupper med å løysa ei problemstilling. I år er temaet folkehelse og livsmeistring, og problemstillinga: Korleis kan ein styrke ungdommar si psykiske og fysiske helse i Vindafjord – gjennom tiltak frå skulen, kommunen og frivillige fellesskap.
Ideen bak er at dersom mange tenker i lag, dukkar det opp gode idear. Tysdag denne veka var alle dei godt over 40 gruppene godt i gang med å utvikla sine idear. Rundt om på borda i klasseromma har det vore god stemning og positiv vilje til å dela idear og tankar. Alle på gruppa deler idear, og i startfasen skal ingen idear forkastast. Vidare må gruppene skaffa seg kunnskap om problemet dei har valt, og gjerne kombinera idear og laga nye.
I løpet av veka er det også tid til føredrag og inspirasjon i møtesalen. I år fekk elevane møta Oddvar Vignes, som snakka om venskap, einsemd og utanforskap.
Siste dag av innovasjonscampen skal ideeane presenterast for eit panel frå næringslivet, med superfinale i møtesalen.
Her er nokre glimt frå teambuildinga i starten av opplegget.