Nyhetsarkiv

Husk søknadsfristen!

18. februar 2026

Hugs å sende søknad før 2. mars for å få den vurdert i førsteopptaket.

Innovasjonscamp og folkehelse

27. januar 2026

Tema for årets innovasjonscamp er folkehelse og livsmeistring.

Søknadsskjemaet er opna!

14. januar 2026

Lurer du på om du skal til Lundeneset neste skuleår, eller har du allereie bestemt deg? No er søknadsskjemaet opna på nettsidene våre.

Fin foreldredag

18. november 2025

Foreldre på besøk, flott vêr og feiring av ein 60-årsjubilant. For ein fest!

Ny rekord for misjonsløp

29. oktober 2025

Lundeneset sprang inn 1,2 millionar til Mongolia

Utfordra om menneskeverd

21. oktober 2025

Kva er menneskeverd? Og blir likeverd i Noreg utfordra i dag?

«Front mot front» på Lundeneset

20. oktober 2025

Kva skjer når to bilar kolliderer front mot front? Kor lang tid tar det før naudetatane er på plass? Dette fekk VG3-elevane frå Lundeneset og Ølen sjå og erfara med eigne auge.

Lundeneset ønsker kontakt med tidlegare elevar og støttespelarar

17. oktober 2025

Lundeneset vidaregåande skule (LVS) er i ei spennande utvikling, og me ønsker no å styrke kontakten med deg som har eit hjarte for skulen vår.

Bli med på besøkshelg!

14. oktober 2025

Mange vil på besøkshelg 30. januar – 1. februar! Helga er full, men melder du deg på set me deg på venteliste.

Fulle hus

2. oktober 2025

– I år tel elevflokken heile 194 elevar. Dette er det høgaste elevtalet me nokon gong har hatt, seier fungerande rektor Håvard Brekkå.

Tidenes beste for KrF på Lundeneset

3. september 2025

KrF har alltid samla mange stemmer når det er skuleval på Lundeneset, men denne runden blei det ny rekord med 71,6 prosent.

Førsteklassingane på tur

29. august 2025

VG1-elevane har hatt sin første overnattingstur i lag dette skuleåret. Målet denne gongen var kortreist: Leirstaden Brandøy på Bjoa.

Samla inn over 1,5 millionar

16. juni 2025

Årets russekull på Lundeneset har verkeleg stått på for prosjekta sine i Vest-Afrika. På avslutningsfesten 13. juni overrekte dei sjekkar på til saman 1.535.000 kroner

Lovsangskonsert 05.06

6. juni 2025

Elevene hadde stelt i stand en nydelig Lovsangskveld, med både kor og band, Torsdag 05.Juni. For noen flinke og kjekke elever vi har!   Se glimt fra konserten på bildene under:  

Nydeleg nasjonaldag!

19. mai 2025

På ettermiddagen 17. mai inviterte Lundeneset naboar, bygdefolk, elevar og tilsette til grilling og leikar på uteområdet vårt ved gymsalen.

Fine utanlandsturar!

30. april 2025

VG2 og VG3 var før påske på ulike turar til destinasjonar i Europa: Skottland, Frankrike, Italia og Spania

VG1 på vestlandstur

23. april 2025

Før påske var heile skulen på studietur. Her er glimt frå vestlandsturen til alle VG1-elevane!

Rekordsøkning til Lundeneset

4. mars 2025

240 elevar ønsker å gå VG1 på Lundeneset neste skuleår. Det er ny rekord, og ein oppgang på 58 prosent samanlikna med fjoråret.

Topplassering til BamBong

Stor stas at fire elevar frå Lundeneset vann førsteplassen i Vår Energi Challenge 2025 – fylkesfinalen i Stavanger som blei arrangert etter innovasjonscampen tidlegare i år!

Ønsker helse og oppvekst på Lundeneset

19. februar 2025

Lundeneset har søkt om å få tilby helse- og oppvekstfag med generell studiekompetanse. Dersom Udir svarar ja, kan det bli oppstart i 2027.