IMG_0320

Tidenes beste for KrF på Lundeneset

KrF har alltid samla mange stemmer når det er skuleval på Lundeneset, men denne runden blei det ny rekord med 71,6 prosent.

Nest største parti er FrP, som fekk 10,4 prosent av stemmene.

Mandag 1. september var det skuleval over heile landet, også på Lundeneset. Dagen starta med paneldebatt der dei fleste stortingspartia var representert. Her diskuterte ungdomspolitikarane rus, skulepolitikk og energi.

Det blei også opna opp for spørsmål frå salen, noko som engasjerte fleire av elevane. Etter debatten var det valtorg, der elevane fekk snakka med representantar frå partia på tomannshand.

Slik gjekk det med dei andre partia i skulevalet på Lundeneset:

SV: 1,6%

A: 2,2%

Sp: 4,9%

V: 0,5%

H: 4,4%

Pp: 2,2%

Kons: 1,6%

VIP: 0,5%

Dei andre partia fekk ingen stemmer.