20260127 102022

Innovasjonscamp og folkehelse

Tema for årets innovasjonscamp er folkehelse og livsmeistring.

Tysdag gjekk startskuddet for årets innovasjonscamp på Lundeneset, eit tverrfagleg undervisningsopplegg som blir gjennomført kvar vinter. Då legg ein vekk den vanlege timeplanen, og jobbar i grupper med å løysa ei problemstilling. I år er temaet folkehelse og livsmeistring, og problemstillinga: Korleis kan ein styrke ungdommar si psykiske og fysiske helse i Vindafjord – gjennom tiltak frå skulen, kommunen og frivillige fellesskap.

Ideen bak er at dersom mange tenker i lag, dukkar det opp gode idear. Tysdag denne veka var alle dei godt over 40 gruppene godt i gang med å utvikla sine idear. Rundt om på borda i klasseromma har det vore god stemning og positiv vilje til å dela idear og tankar. Alle på gruppa deler idear, og i startfasen skal ingen idear forkastast. Vidare må gruppene skaffa seg kunnskap om problemet dei har valt, og gjerne kombinera idear og laga nye.

20260128 100946

I løpet av veka er det også tid til føredrag og inspirasjon i møtesalen. I år fekk elevane møta Oddvar Vignes, som snakka om venskap, einsemd og utanforskap.

Siste dag av innovasjonscampen skal ideane presenterast for eit panel frå næringslivet, med superfinale i møtesalen. 

Her er nokre glimt frå campen.