Lundeneset VGS er en kristen friskole med offentlig godkjenning og eksamensrett for inntil 298 elever. Vi har ca 180 elever, og flesteparten av disse bor i internatet. Skolen eies av Norsk Luthersk Misjonsamband.
Skolen tilbyr utdanningsprogramma Studiespesialisering, Salg, service og reiseliv, IT ogmedieproduksjon og Påbyggning til generell studiekompetanse.
Skolen ligger i Vindafjord kommune, ca. 45 km øst for Haugesund.
Lundeneset er medlem i Kristne Friskoler Forbund (KFF).
Lundeneset VGS AS
Lundanesvegen 37
5582 ØLENSVÅG
Rett etter sommarferien starta rivinga av den gamle 200-serien på Lundeneset, det som fram til då hadde vore skulens eldste internat. Målet var eit heilt nytt internat før jul, og det tidsskjemaet ser ut til å halda.
– Berge Sag, entreprenøren vår, har tid på seg ut januar til ferdigstilling, men me håpar likevel me kan koma i gang med innflytting på ein av dei siste dagane før jul, seier driftsleiar ved Lundeneset, Arne Voll.
Monterer skap
Han opplyser at det er lite som gjenstår. Nokre av romma er allereie ferdige frå entreprenøren si side. Då gjenstår innreiing, som Lundeneset har ansvar for sjølv. – Me er allereie godt i gang med montering av garderobeskap. På dei 14 romma skal det inn rundt 40 skap, seier Voll
Til skapmontering får Lundeneset god hjelp av VG2-elevane Eirik J. Eide og Eirik F. Fidje som begge går på service og samferdsel.
– Me har valt å ikkje vera med på opplegget med ungdomsbedrift, derfor passar dette bra som eit alternativ, forklarer Eirik F. Fidje medan han konsentrert slår inn dei siste spikrane i ryggplata på eit skap.
200-serien er det internatet som ligg i etasjen over kjøken og kantine i hovudbygget. Totalt blir det 14 nye rom på det nye internatet.
Standardheving
Nedriving og oppattbygging har vore ein omfattande og nøye planlagd prosess. Rominndelinga er heilt ny, og det er montert ny ventilasjon og avløpsrøyr. Tidlegare var 200-serien det einaste internatet der det var felles toalett og dusj på gangen. No får alle romma eigne bad.
Disse informasjonskapslene er viktige for den underliggende driften av siden, støtter viktig funksjonalitet og teknisk drift av siden for å sikre forventet ytelse.
Disse informasjonskapselne bruker vi til å kunne levere deg annonser basert på dine besøk på lvs.no. F. eks. kan vi gjennom disse vise deg en relevant annonse for Lundeneset når du besøker Google eller Facebook.
Performance cookies are used to understand and analyze the key performance indexes of the website which helps in delivering a better user experience for the visitors.
Vi bruker disse informasjonskapslene til analyse av hvordan du bruker nettsiden vår. Data er anonymisert og viser hvilket land du kommer fra, hvilke sider på lvs.no du besøker og hvor lenge du er på hver side.