Renoverer skulens eldste internat

Ingen av romma på 200-serien har per i dag bad, og dei fleste romma har blitt nytta til dobbeltrom. Men no skal internatet oppgraderast, og det betyr 14 rom med bad, både eine- og dobbeltrom. I tillegg blir internatet delt i to, og kvar del skal få eige kjøken.

– Detter er eit nødvendig, men omfattande prosjekt. Renoveringa er budsjettert til mellom sju og åtte millionar kroner, og er heilt klart eit stort løft for skulen, seier rektor Gustav Løge Fosse.


Vil du vera med å gi ei gåve til skulen i samband med oppussinga? Då kan du følgje denne lenka, eller bruka Vipps 115523


Renoveringa fører til at heile dagens rominndeling skal vekk. Etterpå skal fløyen delast inn på ny, og det skal på plass ventilasjon og nye avsløpsrøyr. Det fører blant anna med seg at matsalen, kjøkenet og personalkantina i etasjen under ikkje kan brukast ein periode, sidan himlinga her må vekk. Etter planen skal arbeidet som berører matsalen vera unnagjort før skulestart i august.

Kor skal elevane bu i mellomtida? LVS.no har tidlegare skrive om fleire personalbustader som no blir internat. Dette, kombinert med at det truleg blir fleire dobbeltrom det komande skuleåret, løyser busituasjonen i byggeperioden.

Målsetjinga er at heile prosjektet er ferdig i desember.

Sjå bilete frå riveprosessen her (Foto: Jarle Espevik og Arne Voll)

 

 

Publisert av
Helge Johan Stautland 2020-06-16 10:50:42

Del denne siden