Rekordsøkning til Lundeneset
240 elevar ønsker å gå VG1 på Lundeneset neste skuleår. Det er ny rekord, og ein oppgang på 58 prosent samanlikna med fjoråret.

Rektor Gustav Løge Fosse gler seg over svært gode søkartal til Lundeneset komande skuleår (Foto: Helge J. Stautland)
− Dette er ekstremt gode tal. Det er utruleg kjekt at så mange tenker på Lundeneset som eit alternativ og har søkt hos oss, uttalar rektor Gustav Løge Fosse like etter at søknadsfristen gjekk ut.
Totalt for alle tre åra har skulen motteke 404 søknader, også det ein solid oppgang frå i fjor. Ein del VIGO-søkarar med adresse i Rogaland er ikkje med i desse tala.
Dei neste dagane kan dei som har søkt venta seg svar på om dei får skuleplass eller står på venteliste. Målet er at alle skal ha fått svar før 10. mars. Fristen for å takka ja eller nei til plass er 1. april.
Flest til studiespesialisering
Dei fleste som søker på Lundeneset har VG1 studiespesialisering som førsteval. Heile 134 elevar har søkt seg til dette utdanningsprogrammet, ein klasse som har plass til i overkant av 30 elevar. I fjor på same tidspunkt var det 79 elevar som hadde dette som førsteval, og 67 i 2023.
− Det er litt overraskande at studiespesialisering aukar såpass mykje, ettersom det har vore mykje fokus på å fronta yrkesfaga, både i Rogaland og nasjonalt, synest Fosse.

Lundeneset tilbyr studieprogramma studiespesialisering, IT og medieproduksjon og sal, service og reiseliv. Søkinga til neste skuleår er rekordstor (Foto: Kees A. Z. Fjellvang)
Han trur noko av grunnen til søknadsveksten er arbeidet som er lagt ned i å profilera skulen:
− Me hadde blant anna rekorddeltaking på besøkshelga vår tidlegare i vinter. Så me fekk kanskje ein liten peikepinn på at søkaratala ville bli gode. Men det var overraskande at oppgangen skulle bli så stor.
Av yrkesfaga på Lundeneset er det sal, service og reiseliv som er mest populært. 85 elevar kan tenka seg dette alternativet for komande skuleår, nesten dobbelt så mange som fjoråret. IT og medieproduksjon har 21 søkarar, ein liten nedgang frå 2024.
− Alt i alt er dette kjempegode tal for oss. Eg trur det viser at vedtaket vårt om å utvida studietilbodet vårt med helse og oppvekst på sikt, var rett. Generelt er det gledeleg at så mange søker kristne friskular, seier Fosse, som har registrert at fleire skular opplever ein solid auke i søkartala.
Også til VG2 er skulen nøgd med søkartala. VG2 IT, som starta opp dette skuleåret, har sju søkarar.
Påbygg, som har plass til omlag 30 elevar, har fått 58 søknader. Dette er også ein tydeleg oppsving frå dei siste åra, der talet har lege på i overkant av 30 søkarar.
På venteliste? Ver tolmodig!
Ei lita utfordring, ifølgje Fosse, er at fordelinga på Lundeneset sitt utdanningstilbod kunne vore jamnare:
− Både på VG1 IT og medieproduksjon og VG2 studiespesialisering er det plass til fleire søkarar, seier Fosse, og minnar samtidig om at det er fortløpande inntak etter førsteopptaket er unnagjort.
Det betyr at det framleis mogleg å søkja skuleplass for komande skuleår. Søker du etter fristen, hamnar du på venteliste, og får tilbod om skuleplass så sant det blir ledige plassar.
− Til søkjarar som ikkje får tilbod i denne runden, ønsker eg å seia at det er viktig å vera tolmodig. Erfaringa er at det blir noko utskifting på listene våre når det går mot vår og sommar. Mange av dei som har søkt Lundeneset, har søkt andre skular også, og tar eit endeleg val dei neste månadene, avsluttar Fosse.