Ønsker helse og oppvekst på Lundeneset
Lundeneset har søkt om å få tilby helse- og oppvekstfag med generell studiekompetanse. Dersom Udir svarar ja, kan det bli oppstart i 2027.
– Me har søkt om ein hybridmodell av helse- og oppvekstfag. Det betyr at me ønsker å kombinera det med at elevane går eit treårig løp, og får generell studiekompetanse før eventuell læretid. Hos oss på Lundeneset kan me då kombinera dette med VG3 påbygg og fag frå studiespesialisering, fortel rektor Gustav Løge Fosse.

Ein komité sett saman Gustav Løge Fosse (t.v.), John Martin Næss, Ole Arne Pedersen og Mari Hetland Sunde vurderer den framtidige skulestrukturen til Lundeneset. No har internatskulen søkt om ein hybridmodell av helse og oppvekst. Nye internat- og undervisningsbygg må på plass på denne tomta nord for skulen.
Skulen har søkt om 65 studieplassar, mest for å ha litt slingringsmonn. 20 elevar på kvart trinn er utgangspunktet.
– Ein del av dei faga me allereie har på studiespesialisering er aktuelle som programfag på ein slik modell. Det gjeld blant anna realfag, psykologi og sosiologi. Tilbodet blir på denne måten med og styrkar det totale tilbodet av programfag. Programfagstrukturen me har i dag er relativt kostbar. Me tilbyr forholdsvis mange fag til å vera ein liten skule. Det å få eitt bein til å stå på i studieførebuande retning, vil vera positivt for oss.
Unikt tilbod
Fosse seier det ligg eit ønske om å vidareutvikla studietilbodet til Lundeneset, i tillegg til å få ein større base å rekruttera frå.
– Me vil nå ut til nye elevgrupper. Me veit at elevar som gjerne ville gått på Lundeneset vel oss bort, fordi dei ønsker ei helseutdanning. Det same gjeld nokre av elevane me har, som har fått på plass på dagens programtilbod.
Han opplyser at tilbodet er unikt, i fleire samanhengar:
– På Haugalandet er er det ingen andre skular som tilbyr denne modellen av helse- og oppvekstfag. Heller ikkje blant søsterskulane våre finst dette alternativet. Det hadde vore fint om me kunne vore med å utvida det samla tilbodet til Misjonssambandet skoler, fortel Fosse.
Han legg til at skulen også har eit anna mål med å få på plass dette tilbodet: Å få fleire gutar inn på helsefag.
Ser mot 2027
Dersom Udir gir positivt svar på søknaden, er tidlegast moglege oppstart hausten 2026. Men det blir truleg for tidleg med tanke på å få eigna undervisningsbygg og fleire internatplassar. Lundeneset er godt i gang med å planlegga korleis det nye skulearealet på nordsida av skulen skal sjå ut. Her tenker ein både nye internat og klasserom.
– Oppstart tidlegast i 2027 er nok de mest reelle. Men eg vil ikkje utelukka eventuelle midlertidige løysingar før den tida. Både skulen og styret er utolmodige med å komma i gang med dette. Det vil uansett bli gjort mykje førebuande arbeid i tida som kjem, seier Fosse.