Klarsignal for møtesalbygg
Styret har legg til grunn at det blir byggestart denne våren.
Bygget har vore under planlegging ei god stund no, og i desse dagar blir det avgjort kven som får dei ulike arbeidsoppdraga. Dei ulike pristilboda var nyleg lagt fram for skulen. Omega Areal er byggjeleiar for prosjektet
Les meir om kva det nye bygget skal innehalda her.
– I kostnadene for bygget er det òg medrekna nytt varmeanlegg. Etter planen skal dette òg forsyna mykje av den resterande bygningsmassen med varme, seier Fosse.
Komande skuleår skal det markerast at Lundeneset er 50 år. Fosse håpar mange ser på dette som eit høve til å gi eit ekstra handslag til skulen.
– Låneramma er på 20 millionar. Me har noko eigenkapital, men ekstrainntekter her i form av gåver til skulen er særskilt kjærkome akkurat no, seier Gustav. Den totale kostnaden for bygget blir klart når alle avtalane med entreprenørar er underskrivne.
Vil du vera med og støtta Lundeneset? Då kan du gi ei gåve på kontonummer 8220.02.90913. Det er òg mogleg å bli fast gjevar til skulen. Dette kan du lesa meir om her.
