Ansiktsløft på 400-serien
Det toetasjar store internatbygget, som i daglegtalen går under namnet 400, stod ferdig i 1988. Etter den tid er det berre kjøken og bad som har blitt delvis pussa opp. No blir heile internatet renovert.
Romløysingane er like som før, det vil seia 10 rom i kvar etasje. Den største forskjellene er nok at bada er utvida, og kjøkena ikkje lenger er gjennomgangsrom. Dette gir eit opphaldsrom som verkar større, og som har meir plass til møblar. Den utvendige trappa frå andre etasje, samt terrassen, er fjerna (sjå bilete av fasaden).
No når arbeidet med første etasje nærmar seg slutten, er planen å halda fram med andre etasje. Målet er at heile bygget er renovert innan sommarferien 2022.
Det er fleire internat som skulle vore rehabilitert på Lundeneset, men på grunn av trongare økonomiske rammer for friskulane i det komande kalenderåret, er desse no sett på vent. Derfor er me ekstra takknemlege for gåver til skulen! Vil du vera med å gi? Det kan du gjera her. Vipps-nummeret til skulen er: 115523
[ngg src=»galleries» ids=»19″ display=»basic_thumbnail» thumbnail_crop=»0″]