_DSC0335

213 kg cornflakes og 1300 kg kvitost

Det er som regel rift om å koma først i matkøen på Lundeneset, anten det gjeld lunsj, middag eller kvelds. Personalet på kjøkenet lagar god og variert mat, og steller generelt godt med både elevar og tilsette.

Som internatskuleelev slepp du å tenka på å laga eigen mat, sjølv om det er kjøken og moglegheiter for matlaging på alle internat.

Vurderer du å søka? Er finn du informasjon og elektronisk søknadsskjema!

Som elev på Lundeneset kjem du kvar dag til ferdig dekka matbuffet. Ofte er køen lang!

Kveldskosen på laurdag er kanskje det måltidet som står høgast i kurs. Då vankar det til dømes taco, pizza eller hamburger. Og når måltidet er over, tar elevane sin tørn i å hjelpa til med oppvask og opprydding.

Men veit du kor mykje som går med av ulike matvarer når 190 elevar og skal eta fleire måltid saman i løpet av eit heilt år?

Her er ein kjekk liten statistikk frå fjoråret!

Appelsinjuice: 2590 liter
Majones: 165 kilo
Kylling: 337 kilo
Ketchup: 210 kilo
Kjøttdeig: 730 kilo
Nugatti: 400 kilo
Kaffi: 469 kilo
Iskrem: 410 liter
Fårepølse: 62 kilo
Cornflakes: 213 kilo
Kvitost: 1300 kilo
NB: Inkludert i oversikten er innkjøp til festar og arrangement i regi av skulen.