Styre- og delegeringsinstruks

1. Formål

Styreinstruksen er eit dokument som skal gi nærare reglar om styret sitt arbeid, saksbehandling og delegering til leiinga.

2. Om styret

  1. Styret er eit kollegialt organ. Når det gjeld formell autoritet, rangerer alle styremedlemmer likt.
  2. Styret er ei samarbeidande gruppe som har sin fullmakt berre når den er samla til møte.
  3. Styret har vedtaksansvar.
  4. Styret gjennomfører ikkje eigne vedtak, men handlar gjennom rektor.
  5. Styret skal til ei kvar tid ta vare på skolen sine interesser.

3. Saker som skal behandlast av styret

A. Jmf. §5-2 i privatskolelova punkt b-k. Styret skal
  • b) fastsetje storleiken på skolepengane,
  • c) vedta budsjett og rekneskap for skolen,
  • d) fastsetje inntaks- og ordensreglement for skolen,
  • e) fremje saker om skolebyte etter opplæringslova § 9 A-12, jf.  2-4andre ledd i denne lova og bortvising etter § 3-10 andre ledd i denne lova,
  • f) ha ansvar for at skolen her ei forsvarleg økonomi- og rekneskapsforvaltning,
  • g) sjå til at offentlege tilskot og skolepengar kjem elevane til gode,
  • h) sjå til at offentlege krav og føresetnader for verksemda blir oppfylte.
  • i) sørgje for å ha rett og nødvendig kompetanse i verksemda. Styret skal sørgje for at lærarar, dagleg leiar og andre tilsette i skolen får høve til å utvikle seg fagleg og pedagogisk så dei kan vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet.
  • j) tilsetje dagleg leiar.
  • k) drøfte den årlege rapporten om tilstanden i skolen som er utarbeidd etter § 5-2b.
B. Styret skal ha internkontroll for å sikre at krava i denne lova med forskrifter blir følgde. (Jmf privatskolelova § 5-2a) Ved internkontroll etter denne paragrafen (§ 5-2a) skal styret:
  • a) utarbeide ei beskriving av skolen sine hovudoppgåver, mål og organisering
  • b) ha nødvendige rutinar og prosedyrar
  • c) avdekkje og følgje opp avvik og risiko for avvik
  • d) dokumentere internkontrollen i den forma og det omfanget som er nødvendig
  • e) evaluere og ved behov forbetre skriftlege prosedyrar og andre tiltak for internkontroll.
C. Styret skal sørgje for at skolen jamleg vurderer i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i godkjende læreplanar etter § 2-3. Elevane skal involverast i denne vurderinga. D. Styret skal vedta visjons- og strategidokument, samt overordna målsetjingar for skolen. E. Styret skal behandle årsmelding og årsrekneskap. F. Styret skal sørgje for innkalling og saksførebuing til generalforsamlinga. G. Styret skal fastsetje lønnsrammer for skolen sine tilsette. H. Styret skal velje nødvendige utval og nemnder og fastsetje retningslinjer for arbeidet deira. I. Styret skal vedta kjøp, sal og pantsetting av fast eigedom i samsvar med Misjonssambandet sine retningslinjer. J. Styret skal gjennomgå skolen sine perioderekneskapar og vurdere avvik frå budsjett og eventuelle behov for budsjettkorreksjonar eller korreksjonstiltak, vurdere likviditeten, eigenkapitalen og økonomisk risikoeksponering. K. Styret skal sørgje for retningslinjer og rapportar i tilknyting til HMS. L. Styret skal sørgje for ei føremålstenleg organisering av arbeidet. M. Styret skal behandle alle saker som etter selskapets forhold er av uvanleg art eller har store følgjer. N. Styret skal elles behandle saker som ved særskilt lov, forskrift eller reglar ligg til styret.

4. Rektors ansvar overfor styret

A. Rektor har ansvar for å leie den daglege drifta ved skolen. B. Rektor er den pedagogiske og administrative leiaren av skolen og internatet. C. Rektor utgreier saker for styret, foreslår vedtak og utfører vedtak gjort av styret. D. Rektor er ansvarleg for at styrevedtak blir sett i verk, og at gjeldande vedtekter, lover, forskrifter, reglement og instruksar blir følgde. E. Rektor har ansvar for tilvising av rekningane og den daglege økonomiske drifta. F. Rektor skal følgje opp økonomiforskrifta §8-5: Styret pliktar å gjere revisor kjend med privatskolelova , forskrifter gitte med heimel i lova, føresetnadene for godkjenninga og det årlege tilskotsbrevet frå Utdanningsdirektoratet. G. Rektor har fullmakt til å gjera tilsettingar i midlertidige (inntil 12 mnd) delstillingar inntil 50 %. H. Rektor har ansvar for kontakt og korrespondanse med offentlege instansar som t.d. statsforvaltar, fylkeskommunar, kommune, Utdanningsdirektoratet og aktuelle departement. I. Rektor har fullmakt til å gjere krav på offentleg påtale av tjuveri, hærverk, skadeverk eller andre straffbare handlingar som er gjort, og av framtidige straffbare handlingar (jamfør Straffeloven §79 1. ledd).  J. Rektor skal elles halde styret orientert om forhold og saker som er av vesentleg karakter for skolen.    K. Assisterende rektor er stedfortreder for rektor når rektor ikkje er til stades.

5. Permanente utval og nemnder:

Styret har sett ned følgjande permanente utval og nemnder: A. Tilsettingsnemnd Nemnda tek seg av tilsettingar og består av styreleiar, nestleiar i styret og rektor. Nemnda kan delegere til rektor om det er tenleg. Referat blir sendt styret til informasjon. B. Inntaksgruppe Inntaksgruppa vedtar inntak av elevar i tråd med gjeldande inntaksreglement og rutinar. Gruppa består av rektor, undervisningsleiar 1, sosialrådgjevar og administrasjonsleiar. Styret blir orientert om vedtak.

6. Møteplan

Rektor skal éin gong i året, i dialog med styreleiar, setje opp forslag til møteplan og hovudsaker for kommande styremøter. Det skal haldast minimum fem møte kvart år.

 7. Evaluering

Det skal årleg setjast av tid til å evaluere styret sitt arbeid.

8. Innkalling

Styremedlemmane og 1. vararepresentant blir innkalla til møte med tilstrekkeleg varsel gjennom avtalt medium. Innkallinga skal innehalde ei sakliste som viser kva saker som skal behandlast. Dei som er forhindra frå å delta på styremøta, skal så snart som råd varsle rektor om dette. Rektor kallar då inn eventuelle vararepresentantar.

9. Saksførebuing og dokumentasjon

Rektor er ansvarleg, saman med styreleiar, for forsvarleg førebuing og dokumentasjon av saker som styret skal behandle. Saksdokumenta skal vere styremedlemmane i hende i tilstrekkeleg tid før styremøta, med mindre særlege forhold ligg føre. Saksdokumenta skal innehalde eit tilfredsstillande grunnlag for å gjere vedtak, i tillegg til administrasjonen sitt forslag til vedtak.

10. Behandling i møte

Rektor, eller den rektor vel frå administrasjonen, skal stå for presentasjon av den enkelte styresaka. Styret kan gjere vedtak når det talet på styremedlemmar som lova og vedtektene krev, deltar i styrebehandlinga. Styrevedtak blir gjort ved fleirtalsvedtak blant dei som deltar i behandlinga av saka. Ved stemmelikskap gir styreleiar si stemme overvekta.

11. Styrebehandling utan fysisk møte

Saker som trygt kan behandlast utan fysisk møte, kan behandlast i digitalt møte, eller via e-post, dersom situasjonen tilseier at dette er nødvendig. Saker med vesentlege følgjer for skolen kan ikkje behandlast utanfor møte, med mindre sakleg grunn ligg føre.

12. Protokollføring

Protokollen skal for kvart møte innehalde møtestad og tid, kven som er til stades og fråverande frå styret. Trer nokon frå eller nokon til under forhandlingane, skal dette noterast, slik at protokollen viser kven som har deltatt i den enkelte saka. Protokollen skal også oppgi kven som er til stades frå administrasjonen. Elles skal protokollen vise fortløpande saksnummer for det enkelte kalenderår og kva saken gjeld (tittel). For den enkelte saka blir det ført kva vedtak som er gjort, med opplysning om eventuelle stemmetal dersom saka ikkje blei vedtatt einstemmig. Ein styremedlem eller rektor kan krevje protokolltilførsel etter at votering er gjort i ei sak.

13. Undersøkingar

Styret kan setje i gang undersøkingar som er nødvendige for at styret skal kunne utøve oppgåvene sine. Styret skal starte slike undersøkingar dersom dette blir kravd av eit eller fleire av styremedlemmane. Eventuelle oppmodingar om undersøkingar skal noterast i protokollen. 

14. Inhabilitet

Eit styremedlem må ikkje delta i behandling av saker dersom vedkomande eller denne sine nærståande har fremtredande personleg, økonomisk eller anna særinteresse i saka.

15. Konfidensialitet og teieplikt

Underlagsmateriale for sensitive saker som blir lagt fram for styret, og innhaldet frå drøftingar i styremøtene, skal behandlast konfidensielt. Styremedlemmar og involverte personar frå administrasjonen har teieplikt og forpliktar seg til ikkje å bruke, utlevere eller på annan måte gjere tilgjengeleg sensitiv informasjon for uvedkomande.

16. Signaturrett

To i fellesskap blant rektor, styreleiar og nestleiar av styret har signaturrett på vegne av Lundeneset VGS AS i følgje vedtektene.

17. Offentlegheit

Protokollane frå styret er opne for skolens tilsette, Misjonssambandet sine styrande organ og relevante offentlege instansar. I saker der det er nødvendig med diskresjon for å ta vare på dei involverte personane sin integritet eller av omsyn til forretningsmessige forhandlingsposisjonar, blir saka ført i eigen internprotokoll.

18. Forhold til media

Rektor handterer media på vegne av styret dersom ikkje anna er vedtatt av styret.

19. Status for styreinstruks

Denne styreinstruksen blir vedtatt av styret. Styreinstruksen blir evaluert årleg, eller ved behov dersom dette blir meldt av rektor eller medlemmar av styret.     Vedtatt i styremøte for Lundeneset VGS, 30.03.2022