Mentorordning for nye ansatte

Skulen har som mål å ta vare på og hjelpe sine nye medarbeidarar i tillegg til å sikre kvaliteten på undervisning og anna arbeid. Me trur at ei rettleiingsteneste kan medverke til å nå desse måla og føre til at Lundeneset òg blir ein endå meir attraktiv skule å søkje seg til.

Alle som er nytilsette (også vikarar), får difor tilbod om å knytte seg til ein som har vore på Lundeneset ei stund, ein mentor, som då vil få ein fast ressurs (2 %) til å hjelpe og rettleie. Ressursen vil tilsvare i gjennomsnitt ein klokketimes arbeid i veka, dvs. 38 timar på årsbasis. Arbeidsbelastninga vil sjølvsagt variere frå periode til periode.

Mentorordninga vil vare eitt år, og omfatte det å

  • hjelpe den nytilsette, spesielt i oppstartsfasen (gjeld særleg å finne fram til informasjon og orientere om rutinar).
  • vere ein fast samtalepartnar t.d. med eit halvtimes møte annakvar veke eller oftare etter behov, der ein snakkar om aktuelle saker knytt til det å jobbe på (og eventuelt bu på) Lundeneset.
  • for lærarar: Vere med i minst eit par undervisingstimar kvar termin med tanke på kollegavegleiing (inkludert drøfting av undervisningsopplegg på førehand og evaluering i etterkant).
  • for lærarar: Samarbeide om å utarbeide og å evaluere to prøvesett/innleveringar i løpet av skuleåret (ein kvar termin).
  • skrive ein kort rapport der ein dokumenterer korleis ressursen har blitt utnytta (ein slags timerekneskap) og der ein evaluerer ordninga.
  • vere i dialog med undervisningsleiar/studie- og adm. leiar.

Ordninga blir koordinert av undervisningsleiar (for lærarar) og studie- og adm.leiar (for servicepersonalet) som òg har ansvar for å finne mentorar til dei nytilsette i starten av skuleåret i samarbeid med den nytilsette. Den nytilsette kan gjerne kome med forslag til mentor sjølv. Det er mogleg å reservere seg mot å vere mentor, men me oppfordrar til å vere positiv til ordninga.