Vårdugnaden: Hundrevis av arbeidstimar!

Når besetninga tel over over 40 personar, går det fort unna med arbeidsoppdraga.

Ein solid vårdugnad rundt 1. mai høyrer til blant tradisjonane på Lundeneset. Denne våren var ikkje noko unnatak. På ein relativt kjølig og våt mandagsmorgon i mai stod ein solid arbeidsgjeng klar til å utføre mange ulike typar arbeid på Lundeneset. Me er så takknemlege for at skulen har så mange gode vener og støttespelarar!

I år bestod arbeidsoppgåvene hovudsakleg av dette: Riving av balkong og trapp på eit internat, rydding av tre og buskar på det nye arealet skulen har overtatt i nordaust, ymse oppussings- og vedlikehaldsarbeid inne, klargjering for basketballkorg på nedsida av gymbygget, arbeid på frisbeegolf-banen, samt hagearbeid av ulikt slag.

Dei fleste som var med på dugnaden dette året er lokale støttespelarar. Men også nokre frå sørsida av fjorden hadde tatt turen for å bli med på ein hektisk, men også sosial arbeidsdag. Gode måltid og velfortjente pausar høyrer med på ein ordentleg dugnad.

Tusen takk for innsatsen til alle som var med!

 

Publisert av
Helge Johan Stautland 2023-05-02 13:18:39

Del denne siden