– Var klar for forandring

Ståle Dommersnes er frå Førresfjorden, og kjenner delvis til Lundeneset frå før gjennom kona, som har vore elev her.

– Det var ho som kom over annonsen om ledig vaktmeisterstilling. Me tenkte at dette kunne vera noko for meg. Lundeneset har eit godt rykte, blant anna her dei godt arbeidsmiljø og er grunnlagt på kristne verdiar. Eg har lenge hatt lyst på denne typen jobb, seier den ferske vaktmeisteren.

Ståle har arbeidd 13 år som bilmekanikar. No tenkte han det var på tide med forandring.

– Dette verka perfekt. Meir variert jobb skal ein leita lenge etter. Arbeidsoppgåvene er varierte, frå faste rutinar til reparasjonar og små prosjekt som dukkar opp.

– Fritida mi går ofte til fotball, anten å sjå eller spela sjølv. Noko vedlikehald heime blir det også av og til. I tillegg hender det at det blir tid til å skru bil eller koma seg ut på tur, seier Ståle.

Ståle er gift med Maria, og saman har dei ei fosterjente på fire år.

Publisert av
Helge Johan Stautland 2019-03-27 14:35:56

Del denne siden