Triveleg med team
Først av alt, kva ER eigentleg eit LVS-team? – Det er elevar frå LVS som blir med som leiarar for eitt eller anna. Nokon med på barnelag i Bjoa, medan andre reiser til Sandeid fengsel og har møte for dei innsette. Andre er med og statar eit heilt nytt barnelag i Odda, medan andre er med og driv fredagsklubb i Etne. Alle er med på å bidra til at fleire får høyra om Jesus. Elevane frå LVS har alle ulike oppgaver, som å halda tale, synga, køyra, eller berre det å snakka med folka dei møte. Alle er viktige!
Elevane er sjølve sterkt medverkande når det skal bestemmast kva dei ulike tema skal gjera. Kristoffer tek kontakt ulike lag og organisasjonar i nærleiken, og spør om dei vil ha besøk av Lundeneset-folk. Så får elevane eit forslag til kva arbeid dei kan vera med på, og om dei tykkjer det høyrest triveleg ut, så blir teamet fastsett.