Triveleg 17. mai-fest
Dette året var det igjen dekka og pynta til grunnlovsfest i matsal og møtesal på Lundeneset.
Tradisjonen med 17. mai-fest på Lundeneset starta for nokre år sidan, men har av naturlege årsaker hatt pause eit par år no. Derfor var det ekstra kjekt å sjå matsalen fyllast opp av gjester i alle aldrar. Ølensvåg og Ølen var godt representert, men også folk heimehøyrande andre stader besøkte skulen denne ettermiddagen.
På menyen stod rømmegraut og spekemat, eller pølse i brød for dei som heller føretrekte det. Og etter festmaten venta eit respektabelt kake- og dessertbord.
Etter maten heldt festen fram i møtesalen. Her blei det sunge 17. mai-songar, det var soloinnslag, diktlesing og tale.
I løpet av ettermiddagen og kvelden vart det også tid til leikar og moro ute for dei minste. Tradisjonsrikt sekkeløp og tautrekkingskonkurranse på fotballbanen slo an, og blei ei kjekk avslutning på ein lang og solrik grunnlovsdag.
Tusen takk for besøket til alle som kom – me håpar me ser dykk igjen om eit år!
Foto: Karoline Lodden Næss, Video: Mari H. Sunde