_MG_4814

Tredjeplass for beste kundeoppleving

– Det vart ein flott Entreprenørskapsdag i Stavanger. Heile fire av våre ungdomsbedrifter var nominert som fylkets beste i ulike konkurransar, fortel faglærar Dagfinn Våge ved Lundeneset.

I byrjinga av mars fekk alle ungdombedriftene ved Lundeneset gleda av å konkurrera med over 100 andre ungdomsbedrifter i Rogaland i Expohallen ved Stavanger Forum. Det er Ungt Entreprenørskap Rogaland som arrangerer den årlege arenaen for UB-ane, slik at dei får konkurranse- og utstillarerfaring.

– Alle UB-ane til Lundeneset hadde kvar sin stand der dei viste fram sine produkt, promoterte dei for eit stort publikum og fagjuryar frå næringslivet, seier Våge.

Andre kategoriar som våre UB-ar var nominert i var: Beste IA-bedrift og «Gastronomiprisen». Det var Multitekstil UB, Knittd UB og Tacoloff UB som var dei andre nominerte frå Lundeneset i år.

Foto: MultiMedia UB