Tre spørsmål om fem turar
1. Kva ser du mest fram til med å reisa på tur?
2. Kva trur du blir eit av høgdepunkta på turen?
3. Kva er den største tabben folk kan gjera når dei reiser på studietur?
Arna Eggebø, Skottland:
1. Å visa fram eit av dei nærmaste nabolanda våre. Ikkje så mange nordmenn reiser til Skottland, og det er i grunnen litt trist.
2. Det er i grunnen berre høgdepunkt på turen, altså. Togturen til Skye blir nok spesiell. Me skal reisa gjennom eit stykke Skottland som har ord på seg vor å vera særs vakkert. Det blir og stas å bu tre netter i den vesle og sjarmerande byen Inverness.
3. Å hata skog og innsjøar. Me skal sjå ein del skog og innsjøar.
Ole Arne Pedersen, Storbytur
1. Eg ser frem til alle nye inntrykk ein slik storbytur gjev, samt å bli betre kjent med elevgruppa som skal vera med!
2. Personleg trur eg å få oppleve Milano blir eit høgdepunkt, der har eg ikkje vore før. Men storbyturen er jo fullpakka med høgdepunkt heile vegen.
3. Reise frå passet på rommet på Neset er ikkje noko sjakktrekk. Det å ha dårleg skotøy med seg er heller ikkje lurt, då vi går mykje. Manglande skotøy er om det strengt tatt er råd å gjere noko med undervegs, heldigvis.
Håvard Brekkå, Roma
1. Eg ser fram til å vera saman med elevar på en annan måte enn til vanleg. Og så gler eg meg til å visa dei fantastiske Roma!
2. Berre eitt? Det blir kanskje å sjå spor etter tidlege kristne i Domitilla-katakombane. Eller kanskje tre timars sykkelguiding på kryss og tvers i Roma sentrum. Og så har du iskremen, då.
3. Å leggja igjen lærelysta og nysgjerrigheita heime, og tenkja mest på shopping og dill-dall og slikt.
Rolf Hauge, Norgestur
1. Eg ser fram til å oppleva mykje interessant og kjekt i lag med elevar og kolleger.
2. Besøket på klosterøya Selja vil bli eit høgdepunkt for mange, særleg dersom vêret spelar på lag.
3. Dersom ein ikkje får nok søvn, blir det soving i bussen, og dermed går ein glipp av flotte opplevingar av mektig vestlandsnatur. Det kan kallast ei feilvurdering.
Per Ølfarnes, Malta
1. Til å vera på tur med trivelege folk i sol og varme!
2. Hovudstaden Valletta med St.John-kyrkja, der ein finn Caravaggio sinemaleri i kapellet på sida.
3. Tru at det er ferie. Det er til dels krevjande å reise rundt og ta inn mange inntrykk. Viktig å vera opplagt for å ha godt utbytte av turen.