Tre nye lærarar
– Eg hugsar sjølv tida då eg gjekk på Lundeneset, kor fint det var å ha vaksne personar rundt som brydde seg, både i skuletida og på fritida. Eg håpar me kan vera med på å gi noko tilbake på same måte, seier John Martin Næss frå Nittedal utanfor Oslo.
I august sette han, kona Karoline og dei to ungane seg i bilen og flytta frå Oslo til Lundeneset. John Martin har i dag ein delstilling der han underviser i matematikk.
– Me kjende på eit kall om å koma tilbake til Lundeneset. Då me tok kontakt med skulen fekk me høyra me var velkomne. Det var då me bestemte oss, seier John Martin.
Han synest lærarkvardagen er spennande:
– Eg tenkte nok ikkje på at det var så mykje for- og etterarbeid då eg var elev sjølv, vedgår John Martin. Han synest det er spesielt givande å bli kjend med elevane, både i løpet av skuledagen og på fritida.
– Og så er det sjølvsagt stas å liggja på toppen av LVS Premier League!
– Ikkje lei internatskule
Både John Martin og Karoline har vore både elevar og miljøarbeidarar på Lundeneset, men dei gjekk ikkje i same kull.
Karoline Lodden Næss kjende på at ho absolutt ikkje var lei av internatskulekvardagen, då det blei aktuelt for dei å flytta vestover. – Då det opna seg ein moglegheit for å jobba her, måtte me gripa sjansen, seier ho.

Elise Sætre Håkonseth (t.v.) og Karoline Lodden Næss trivst som nye lærarar på Lundeneset.
Det er mykje å setja seg inn i som ny lærar. I tillegg byr det å vera tilsett på ein internatskule på nokre ekstra oppgåver. – Det som er mest givande å er å bli kjend med elevane. Når ein er tilsyn kan ein ta seg blant anna ta seg ein kopp kaffi med elevane etter middagen, det er skikkelig fint, seier Karoline, opphavleg frå Stavanger.
I løpet av ei skuleveke har ho ein del historie, noko kristendom, i tillegg til at ho også deltek i eit par klassar i naturfag og matematikk.
– Blei overtala til å flytta
Elise Sætre Håkonseth hamna på Lundeneset fordi mannen, Gjermund, begynte som lærar i fjor:
– Han pendla i starten, men likte seg så godt at han overtala meg til å flytte med han. Det skulle ikkje så mykje til, eigentleg, då både mor og søsken har gått på Lundeneset. Så blei det godt å koma heim til Vestlandet, seier Elise, som er fødd og oppvaksen på Bømlo.
Dei siste åra har ekteparet halde hus i Kristiansand, der dei har studert. No underviser Elise i språkfag, men skal også ha fleire programfag på service og samferdsle frå februar av. Så langt har det vore både spennande, utfordrande og givande å vera lærar, kan Elise fortelja.
– I tillegg set eg pris på å bu på området, og få vera del av det kristne miljøet her saman med elevar og kollegaer. Det er også givande å vera med på arbeidet som føregår utanom skuletid, som til dømes ha bibelgruppe, vera med på møter, vera tilsyn, og i det heile tatt få møta elevane på andre måtar enn berre i timane, avsluttar Elise Sætre Håkonseth.