IMG_8058

Tre år snart slutt

Lars Skeiseid, Einar Moen og Egil Straume Kleven har nett fått av seg blåbuksene, og nyt sola ein av dei siste dagane i mai. Snart er tre år på Lundeneset til ende. Har dei planane for hausten klare?

– Eg flyttar heim til Stavanger komande haust. Der er planen å koma i gang med studia, det blir truleg eit bachelorstudium i statsvitskap, fortel Einar.

Han er glad i samfunnsfag, og syntest studiet virka kjekt.

– Kva eg skal bli, veit eg ikkje heilt, men eg synest det verkar spennande å kanskje jobba som diplomat. Då trur eg studiet er relevant, seier Einar, og legg til at han ønskjer å koma i gang med studia heller enn å ta eit friår.

– Eg tenker at det kan bli litt tøft å koma i gang igjen etter eit friår. No har eg hatt tre flotte år på internatskule, og kjenner eg er klar for å studera.

For Egil og Lars, derimot, var det eitt år «fri» som var mest aktuelt:

– Mitt friår blir på Bildøy, er eg er komen inn på KRIK-linja. Bibelskule er skule, men ikkje vanleg skule, seier Egil.

Han er veldig usikker på vegen vidare etterpå.

– Kanskje blir det noko innanfor helse. Eg er ikkje heilt sikker. Eg har heller ikkje tenkt så mykje på kor det er mest aktuelt å studera.

For Lars går vegen til Hamar og Hedmarktoppen. Der er det fleire på Lundeneset som skal.

– Linja eg skal gå på heiter idrett og villmark. Det blir forhåpentlegvis veldig bra, seier han.

Etter Hedmarktoppen, ventar førstegongstenesta.

– Per i dag ser det ut til at det er militærpolitiet og Sessvollmoen. Men ting kan endra seg i løpet av eitt år.

Alle tre er einige om at det har vore tre kjekke år på Lundeneset.

– Me har blitt kjend med mange nye folk, det har vore lærerikt og kjekt. Og det har gått fort! seier dei.

At det siste halvanna året har vore prega av smitterestriksjonar og pandemi, har dei lært seg å leva med.

– Me har nok berre akseptert at slik er det akkurat no, seier Egil.

– Og så har me jo trass alt fått treffa folk, legg Lars til.

– Ingen er tent med bitterheit på grunn av dette. På mange måtar har me fått gjort meir og opplevd meir enn mange andre, avsluttar Einar.