I løpet av det neste året skal fleire nye gjesterom og kontor stå klare på Lundeneset.
Sjå bilete frå ombygginga nedst i artikkelen!
– Planen er å få klart kontor, gjesterom og vaktrom tidleg i 2019, fortel driftsleiar Arne Voll.
Etter at møtesalbygget stod klart hausten 2016, har det vore mange tilsette i sving med å oppgradera to etasjar i hovudbygget på Lundeneset. Hovudbygget er det aller første bygget som blei reist her på plassen for over 50 år sidan. Bygget har blitt brukt til både personalbustader, kontor og klasserom opp gjennom åra.
Etter ein oppussingsperiode på vel eit år, blei andre etasje i hovudbygget teke i bruk igjen hausten 2017. Der det før var bibliotek, tidsskriftkrok og nokre kontor, er det no blitt to konferanserom og flotte nye kontor. For dei som hugsar endå lenger tilbake, har det her også vore både peisestove og klasserom, personalkantine og resepsjon.
Den gamle internatdelen i tredje etasje på hovudbygget («300») blei teken i bruk som kontordel for nokre år tilbake, utan at noko særleg av oppussing blei gjort. Men no blir også denne etasjen totalrenovert.
– Halve gamle 300-serien er snart ferdig. Her blir det nye gjesterom og vaktrom, samt mange nye kontor, opplyser Arne, men legg til at på grunn av flytting av folk og kontor, og nokre tekniske omsyn, blir ikkje denne etasjen teken i bruk i sin heilskap før om vel eitt år.
Driftsavdelinga, som til vanleg består av fire personar, er forsterka med rundt to heile stillingar nokre månader byggeperioden. Det har hatt mykje å seia for rask framdrift, ifølgje Arne.
– Skulen har ein langtidsplan for prosjekt som ein ønskjer å ta til med etter 2019. Her er ikkje alt klarlagt i detalj, men det er behov for oppgradering på fleire internat og derfor ikkje utenkeleg at dette får prioritet, avsluttar Arne Voll.
Dette gjesterommet skal ha fleire sengeplassar, aktuelt for større grupper som treng overnatting. (Foto: Helge J. Stautland)
Kenneth i sving med det eitt av dei nye gjesteromma. (Foto: Helge J. Stautland)
Fleire nye overnattingsmoglegheiter på gamle 300-serien. Denne delen er snart ferdig. (Foto: Helge J. Stautland)
Fleire nye overnattingsmoglegheiter på gamle 300-serien. Denne delen er snart ferdig. (Foto: Helge J. Stautland)
I denne delen av andre etasje er det no kontor og konferanserom. Dør inn til 200-serien til venstre i biletet. Området med glasdører midt i biletet var for eit par tiår sidan resepsjon. Før riving i 2016 var det tidsskriftkrok, langbord og stolar (Foto: Helge J. Stautland)
Slik ser den austlege delen av andre etasje av hovudbygget i dag. Her hadde me bibliotek før oppussinga. Før det var det peisestove og klasserom. (Foto: Helge J. Stautland)
Sigrid er nøgd med nytt kontor. Før var dette sofaavdelinga i biblioteket. (Foto: Helge J. Stautland)