Tomta er byggeklar
– Akkurat no er det fellesferie. Det neste som står for tur er betongarbeid, og deretter trearbeidet, fortel driftsleiar Arne Voll ved Lundeneset.
Det var mykje fjell på byggetomta, noko som medførte ein del sprenging dei to første månadene av byggeperioden. Avslutninga av skuleåret var prega av både små og relativt kraftige smell. No er ein komen så djupt som ein skal, og arealet er ferdig grusa – som bilete viser.