Tomatglad kokk

Når Rolf Jarl Rolfsen (50) oppsummerer første halvår som kokk på Lundeneset, trekker han fram følgjande:

– Mange kjekke folk, trivelege kollegaer og høflege og smilande elevar. Og trøtt når eg gir meg for dagen, seier Rolf og smiler.

Han starta i stillinga som kokk til skulestart i august, med mange Covid-19-restriksjonar for kjøken og kantine. I starten var det spesielt travelt, då alle elevar fekk tallerkenservering.

– Det var ein hektisk oppstart, og me merka godt den positive endringa då det blei lov med buffetservering igjen. Men det positive oppi dette var at det blei mindre søl og svinn, seier Rolf, som kjem frå Stavanger.

Det var ein stillingsannonse på Facebook som fekk han til å vurdera Lundeneset:

– Eg har jobba mange år på ein avlastingsbustad. Ein av mine kollegaer har vore elev på Lundeneset, og det var ho som delte stillingsannonsen. Eg var klar for noko nytt, og søkte jobben, fortel Rolf.

I avlastingsbustaden arbeidde han som miljøarbeidar, der matlaging var ein viktig del av jobbkvardagen.

– Ein kan vel seia at å laga mat med åra har blitt ei interesse for meg, seier den nye Lundenes-kokken.

På Lundeneset slår han eit slag for tomaten, eller rettare sagt tomatsausen: – Middagsrettar med tomatsaus, som kjøtdeig og spaghetti eller lasagne, er nok det eg likar best å laga, seier Rolf.

Publisert av
Helge Johan Stautland 2020-12-09 12:37:56

Merker
2020-2021
,
Skolestart
Del denne siden