Tilbygget tar form
– Alle betongelementa er no montert. Denne veka har gravemaskinar arbeidd med å fylla inntil bygget, kan driftsleiar Arne Voll på Lundeneset fortelja.
Arbeidet med ferdigproduserte betongelement tok til i byrjinga av oktober, og varte rundt to veker. Etasjeskiljarar i betong er og på plass, og det vil bli støypt golv i næraste framtid. Betongelementa er støypt i Sandeid.
– Desse dagane blir det og sveisa ein kraftig stålstruktur som skal bera taket i hovudetasjen, legg Arne til. Stålet vart levert som ferdige element frå Etne.
Les meir om kvifor Lundeneset byggjer ut
Større matsal

Den flotte utsikten mot fjorden er borte, men snart blir nybygget kobla på eksisterande bygg, og ein får eit flott ope område mellom gamlebygget og møtesalen. Foto: Helge Johan Stautland
Sjølv om arbeidet med tilbygg fører med seg ein del tung trafikk, kraftige maskinar og tunge løft på Lundenes-området, går arbeidet smidig med tanke på at plassen til dagleg husar godt rundt 240 elevar og tilsette.
Arbeidsområdet og nybygget er godt synleg frå noverande matsal. Den flotte utsikten sørover mot fjorden er dessverre borte medan ein ventar på at bygget skal bli ferdig. Når tida er inne for det, skal store delar av sørveggen i matsalen vekk, og ein får eit ope innvendig areal inn mot det nye tilbygget. Dette gjer at ein får utvida matsalen ein del, noko som det er behov for på Lundeneset.
Energi frå fjorden
Om ikkje lenge startar òg arbeidet med å leggja ned såkalla ”kollektorar” på fjordbotnen utanfor Lundeneset. Det nye bygget skal få energi frå sjøen via varmepumper, og desse kollektorane skal forsyne varmepumpene med energi.
– Dette reknar me med vil føregå tidleg i november, seier driftsleiaren.
– Elles skal det ryddast opp med gravemaskin på ulike uteområde, slik at me får ein fin finish, avsluttar Voll.