Suverene fotballjenter
Måndag 17. august var det Kolnes/Falkeid som fekk svi. På bortebane ga ikkje Ølen seg før dei hadde putta ni mål. Heimelaget klarte berre å scora to gonger.
Ei av jentene på laget er Ragnhild Kristine Løkken frå Vikedal. Ho er tilbake på Lundeneset etter eit år i USA. Der spelte ho også fotball, både på eit klubb- og eit skulelag. Skulelaget heitte Hawks og klubblaget Lightening. – Fotball var rekna for vintersport der borte, fortel Ragnhild. – Sesongen varte frå seint i oktober til februar/mars. Trening var det kvar veke måndag til fredag i to timar rett etter skulen. Då me byrja med kampar spelte me to kampar i veka, tysdag og torsdag, i tillegg til tre treningar. Når me spelte borte fekk me fri eit par timar frå skulen. Det var stort fokus på spor i USA. Skulen hadde reglar om at dersom du strauk i nokre fag, vart du kasta ut av laget.
Dette var jo litt til å mista pusten av, og me får vona at trenar Kristoffer Pedersen ikkje har planar om å innføra daglege treningar for laget sitt. – Dette er interessante tankar som eg tek med meg videre i arbeidet, seier Pedersen i ein kommentar.