Studiebiblar til VG1

I kristendomstimen til førsteklassingane på medieproduksjon ligg studiebiblane oppslått på pultane. Elevane arbeider med 2. Timoteus-brev, og faglærar Torunn Kringlebotten er svært glad for gåva alle VG1-elevane har fått.

Rektor Gustav Løge Fosse kan fortelja at det er snakk om eit prøveprosjekt, og at tanken er å vidareføra dette neste skuleår dersom ein ser at det er ein ressurs som blir brukt. Han meiner det er eit nyttig verktøy også til personleg bibellesing og i bibelgruppene.

– Me ser på dette som eit godt hjelpemiddel til å få kjærleik til Guds ord og hjelp til å sjå ein del samanhengar. Dessutan er det kjekt at det kan vera eit minne frå Lundenes-tida som ein kan ha glede av, seier rektor.

Årets innkjøp av studiebiblar er finansiert via ei gåve som kom til dette føremålet.studiebibel_red

Publisert av
Anne Karine Stautland 2016-09-17 08:01:47

Del denne siden