20231204-083835

Stemningsfull adventsfrukost!

Me skriv desember. Snøen har lagt seg på Lundeneset, og jammen ser det ut til at han blir liggande ei stund også! 

Mandag 4. desember våkna elevane til ein ekstra god frukost i matsalen, levande lys på borda, og julemusikk på høgtalaren. Mange i personlet hadde stått opp ekstra tidleg og førebudd dagen, og under måltidet stilte dei opp i svart og kvitt, generøse med kakaoen og kaffien. For ein god start på det som ser ut til å bli ei kald, men god, veke!

(Foto: Helge Johan Stautland)

[ngg src=»galleries» ids=»39″ display=»basic_slideshow»]