Stas å vera russ
– Korleis kjennest det å snart vera ferdig med skulegangen?
– Det blir greitt å bli ferdig med sjølve skulen, men det blir jo trist å måtta forlata alle dei kjekke folka, seier Ragnhild Fagerheim.
Fabian Vika Helmersen, Nils Arne Byrkjedal og Hennie Marthea Johansen er einige. – Det er trist at me snart er ferdig med det sosiale, legg Fabian til.
Og nettopp det sosiale er det som er det viktigaste med russetida, skal me tru dei fire:
– Det er kjekt å vera russ, gå med like klede, sjå at me står saman og er venner. Dette har eg gleda meg til i eitt år, og det svarar til forventingane, seier Nils Arne.
Fabian og Ragnhild synest det er rart at det no er dei som er russ. Russen har jo alltid vore dei store, dei som ein har sett opp til.
– Av den grunn var det kjekt og spesielt å få på seg dei blå kleda, seier dei to.
Fabian synest det er kjekt å ha ei tid der russen står meir saman enn elles, og der det blir lagt vekt på å finna på ting i lag. Snart er det russetreff i Kragerø, og dit har alle dei fire representantane tenkt seg.
At det også har ein tendens til å toppa seg med heildagsprøvar og andre vurderingssituasjonar på tampen av året, ser ikkje ut til å leggja ein dempar på opplevinga av å vera russ.
– Det går fint. Me får heller senka forventingane litegrann, seier dei.
Lundenesrussen, som tel 60 avgangselevar, har arrangert mykje gjennom året som no nærmar seg slutten. Det som står att no, er russebasaren 3. mai. Og så sjølve 17. mai-feiringa.
– Eg trur mange av arrangementa våre er kjekke for alle elevane ved Lundeneset. Det hugsar eg sjølv frå tidlegare år at eg syntest, seier Hennie Marthea.