Startar VG2 informasjonsteknologi

Frå hausten 2025 utvidar Lundeneset studietilbodet ved å starta opp VG2 informasjonsteknologi. Dette programområdet bygger på VG1 informasjonsteknologi og medieproduksjon, som skulen allereie tilbyr.

I dag har elevar som tek dette utdanningsprogrammet på Lundeneset moglegheit til å gå vidare på medieproduksjon i VG2. Elevar som har ønskt spesialisering innan informasjonsteknologi, har måtta søkt seg til andre skular. 

Det blir det ei endring på frå og med 2025. Dei elevane som startar opp med VG1 IT og medieproduksjon komande haust kan altså velja om det er IT eller medieproduksjon dei vil gå vidare på i VG2.

– Lundeneset er i ein prosess der me har vurdert framtidig tilbodsstruktur. Det er i dette arbeidet me har sett at VG2 informasjonsteknologi er eit alternativ som me trur vil vera attraktivt for elevar i tida framover, opplyser rektor Gustav Løge Fosse.

I denne prosessen har skulen også vurdert andre tilbod. Ein har vore i dialog med lokalt næringsliv om kva behov dei ser. – Desse samtalane har vist oss at yrkesfaget informasjonsteknologi er eit framtidsretta og aktuelt tilbod. Behovet for personar med IT-kompetanse trur me ikkje blir mindre framover, utdjupar Fosse.

No vil skulen bruka tida fram til hausten 2025 til å laga eit godt tilbod til framtidige elevar. Det gjeld både på personell og utstyrsfronten.

– For Lundeneset handlar dette om å vera aktuelle. Me ønsker å vera med å utrusta til behov og utfordringar samfunnsutviklinga gir oss. Me har allereie ein god dialog med næringslivet, og håpar å få til eit godt samarbeid med næringslivet framover også, avsluttar Fosse.

 

Illustrasjonsfoto: Marvin Meyer/Unsplash

Publisert av
Helge Johan Stautland 2024-01-18 14:03:55

Del denne siden