Sprang inn 623.000 på Lundeneset
Her kan du sjå video frå årets løp! (Filming og redigering: Kees A. Z. Fjellvang)
— Det er kjekt å sjå at folk engasjerer seg for å samla inn pengar til prosjektet vårt.
Dette seier prosjektsansvarleg i årets russestyre på Lundeneset vgs i Ølensvåg, Peter Hovda.
Det er ikkje første gongen elevane samlar inn store beløp til innsamlingsprosjekta. Kvar oktober har russen tradisjon for dette løpet. 19. oktober har altså 140 deltakarar fått sponsorløfte på over 600.000 kroner til russen sitt innsamlingsprosjekt i Stor-Kina.
For å delta i misjonsløp, treng du sponsorar. Du blir sponsa anten per runde, eller som eit fastbeløp. Deltakarane spring så ei løype på i overkant av 800 meter. Dei som sprang mest, klarte over 30 rundar av løypa på Lundeneset sitt området. Det var med andre ord fleire som la bak seg rundt 25 kilometer.
Pengane som elevar og støttespelarar samlar inn til går til arbeid i Kina, Hong Kong, Macau og Taiwan.
— Konkret går pengane til prosjekt innan bistand og utdanning, men også kyrkjelydsarbeid, evangelisering og diakoni. To prosjekt som har skapt engasjement hos årets russekull, er dei som handlar om hjelp til etterletne barn med funksjonshemmingar, avsluttar Peter Hovda.