Spennande yrkespraksis på stadion

Då Ølen G19 møtte FKH til cupcamp i slutten av april, fekk yrkesfagelevane på Lundeneset verdifull praksiskunnskap: Medieelevane (VG1) hadde kameraproduksjon og regi på kampen, medan service og reiseliv (VG2) var vertskap og hadde ansvar for arrangementet.

Ølen G19 består av to lag, og til saman er rundt halvparten av spelarane elevar på Lundeneset. På førstedivisjonslaget som spelte i kampen mot FKH, var 8 av 18 elevar på internatskulen i Ølensvåg. Men trass god innsats av spelarane frå Ølen/Lundeneset, enda kampen med seier (0-6) for gjestene frå Haugesund.

Men tap mot FKH la ikkje ein nemneverdig dempar på stemninga på stadion i Ølen. Og mykje av æra for det har den solide supportergjengen frå Lundeneset som møter opp på tribunen. Det var jubel, heiarop og trommer gjennom heile kampen.

I tillegg hadde to av yrkesklassane til Lundeneset heilt spesielle oppdrag denne solfylte aprilkvelden: VG2 Sal og reiseliv var nemleg vertskap for arrangementet, og hadde ansvar for kiosksal, utlodding og å laga god stemning på stadion. Denne oppgåva klarte dei med glans! I læreplanen til dette studieprogrammet er det fokus på å utforske vertskapsrolla, og dei skal kunna planlegge og gjennomføre eit arrangement.

VG1 IT og medieproduksjon fekk øva seg på fleirkameraproduksjon. Sentralt i produksjonsfaget er det å kunna produsera og tilpassa innhald. Langs banen stod elevar i full konsentrasjon bak fleire kamera, og i regirommet på klubbhuset sat ein liten gjeng og miksa bileta som blei sendt frå fotballbanen. Alt dette blei kringkasta og gjort tilgjengeleg – denne gongen berre internt på Lundeneset. Men tanken seinare er at ei slik live-sending kan strøymast på fotballaget sine Facebook-sider.

Å få trena på dette på ein fotballkamp med eit publikum på 300 personar er derfor midt i blinken for begge dei to yrkesfagklassane.

Foto: John Martin Næss/Helge Johan Stautland

Publisert av
Helge Johan Stautland 2023-04-20 14:15:35

Del denne siden