Lundeneset VGS er en kristen friskole med offentlig godkjenning og eksamensrett for inntil 298 elever. Vi har ca 180 elever, og flesteparten av disse bor i internatet. Skolen eies av Norsk Luthersk Misjonsamband.
Skolen tilbyr utdanningsprogramma Studiespesialisering, Salg, service og reiseliv, IT ogmedieproduksjon og Påbyggning til generell studiekompetanse.
Skolen ligger i Vindafjord kommune, ca. 45 km øst for Haugesund.
Lundeneset er medlem i Kristne Friskoler Forbund (KFF).
Lundeneset VGS AS
Lundanesvegen 37
5582 ØLENSVÅG
– Dei innsette i Sandeid fengsel seier dei set pris på at me er der og brukar tid i lag med dei, seier Kristoffer Ivesdal.
Han er med i eitt av dei to teama som jamleg besøker Sandeid fengsel. Han blei med i denne tenesta fordi han såg at her var det noko han kunne bidra med.
– På samlingane snakkar me med dei innsette, har andakt og deler vitnesbyrd, arrangerer quiz og anna sosialt. Me har fått høyra at det er flott me deler frå livet vårt, fortel Kristoffer.
Joacim Vidnes, Mattias Roaldsnes og Steinar Voll er med i det andre temaet. Dei melde seg til teneste fordi dette virka spennande og kjekt.
– Vårt første besøk står for tur, men etter planen blir det både lovsong, andakt og ein del sosialt, fortel Mattias.
Til saman besøker dei to teama fengselet annankvar veke.
Varierte oppgåver
I starten av skuleåret blir elevar som ønskjer det utfordra på å trø til der det trengst. Dei som ikkje er med på fengselsteneste, bidrar i lokale barne- og ungdomslag. Oppgåvene varierer frå å ha ansvar for samlingar, leia lovsongen, ha ansvar for leikar og aktivitetar, eller prøva seg på ein andakt.
– I år er rundt 35 elevar på Lundeneset med på LVS-team som på ulike måtar gjer ein innsats i lokalmiljøet. I tillegg til desse kjem dei som er med på leiarar på Solgry i løpet av skuleåret. Elevane vel sjølv kva oppgåve dei kan tenka seg å ha, seier teamkoordinator Kristoffer Georg Aase.
Nedleggingstrua
Aase nemner gutelaget på Kjølvik som eit særskilt eksempel i år:
– Dette gutelaget har eksistert i 40 år, men i haust blei det klart at leiarane som har hatt regien i alle desse åra ikkje lenger greidde å halda oppe drifta. Dei spurte Lundeneset om det var elevar her som kunne koma på besøk éin gong i månaden for å sleppa å leggja ned laget heilt. Då elevane fekk nyss i dette, melde 10 personar seg. Med slikt eit engasjement har me klart å samlingar annakvar veke for rundt 14-20 gutar i haust. Det er utruleg flott!
Dei får med andre ord vera med på mykje forskjellig. Kristoffer Aase understrekar at det framleis er plass til fleire dersom nokon vil henga seg på.
– Dette er ein ypparleg sjanse til å hjelpe lag som treng ekstra krefter. I tillegg lærer elevane mykje om seg sjølv og utviklar seg som leiarar, avsluttar Aase.
Disse informasjonskapslene er viktige for den underliggende driften av siden, støtter viktig funksjonalitet og teknisk drift av siden for å sikre forventet ytelse.
Disse informasjonskapselne bruker vi til å kunne levere deg annonser basert på dine besøk på lvs.no. F. eks. kan vi gjennom disse vise deg en relevant annonse for Lundeneset når du besøker Google eller Facebook.
Performance cookies are used to understand and analyze the key performance indexes of the website which helps in delivering a better user experience for the visitors.
Vi bruker disse informasjonskapslene til analyse av hvordan du bruker nettsiden vår. Data er anonymisert og viser hvilket land du kommer fra, hvilke sider på lvs.no du besøker og hvor lenge du er på hver side.