Spennande astroshow
Måndag besøkte fysikar og astronom Knut Jørgen Røed Ødegaard Lundeneset. Med seg hadde han science fiction forfattar Anne Mette Sannes.
– Det var ein interessant dag. Ødegaard og Sannes gav oss ein veldig god oversikt over det som skjer av forsking på verdensrommet, seier fysikklærar Per Ølfarnes i etterkant av opplegget.
Elevane som fekk gleda av å høyra på dette paret var fysikk-klassane i VG2 og VG3, samt naturfag i 1ST og påbygg.
Sannes og Ødegaard reiser landet rundt med astroshowet sitt «Out of Space». Dei er opptekne av kva som kan bli mogleg i framtida.
– Tilhøyrarane på Lundeneset fekk mange smakebitar på kva ein nyleg har fått vite om verdsrommet, og kan ein trur ein vil oppdaga i framtida, avsluttar Per.
Her kan du lesa meir om opplegget til Sannes og Ødegaard: http://www.astroevents.no/